– Det er litt vemodig at det blir turisthytte, men sjølvsagt også ei stor glede at nokon vil legge så mykje i å bevare den gamle skulen. Det er veldig flott, seier Ludvig Korsøen.
Han var ein av dei som tok turen, då det tidlegare skulehuset, skulle opnast som turisthytte, eller kysthytte som Den Norske Turistforening kallar turisthyttene dei har ved sjøen.

Sjå bilda frå opninga av Rongevær kysthytte
Nordhordlendingen, som blei fødd i 1939, var frå 1946 og utover elev ved Rongevær skule. Det var eit drygt tiår etter at skulen i Rongevær hadde blitt flytta frå hans eiga heimeøy Krossøyna, til den ubebudde Nordre Kjerringa.
I Korsøen si barne- og ungdomstid var det mange skuleungar i skjergarden. Skulen var delt i to klassar. Ein fellesklasse for dei minste og ein for dei eldste. Begge med 12–15 elevar.
I all slags vêr frakta skulebåten dei til Nordre Kjerringa, der dreiv dei som andre skuleborn med ballspel. Rett som det var for ballen på sjøen.
– Då var det min jobb å hente den, på ei flåte, fortel Korsøen.
Han hugsar skuledagane med glede.
– Det var veldig kjekt å gå på skule her, eigentleg heilt fantastisk. Det var frisk luft, sjø og gode lærarar. Dei gav oss eit veldig godt grunnlag og mange enda opp med god utdanning, seier han.

Dette er turlaget si første hytte ved sjøen
Historisk
Korsøen var langt frå den einaste som ville få med seg opninga av kysthytta i Rongevær. Ein veteranbuss av typen Scania 69-modell gjekk i skytteltrafikk mellom Sævrøy ferjekai, der det var laga til ekstra parkering, og Baløy. Der tok to båtar over skyssjobben og frakta gjestene dei siste par hundre metrane.
Leiar i Nordhordland turlag, Børge Brundtland, var konferansier under opninga, og meinte at oppmøtet måtte vere ny rekord i talet personar på Nordre Kjerringa samtidig.
Storparten av dei frammøtte ville truleg vere på den sikre sida, for regnjakker i alle regnbogen sine fargar lyste i sola søndag ettermiddag.
Dei frammøtte fekk høyre Anne Hvidsten synge mellom anna «Heim til Austrheim» og viseklassikaren «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta», før Claus Sellevoll tok publikum med på ei reise gjennom nordhordlandsk kystkultur.
Varaordførar i Vestland fylkeskommune, Natalia Golis (MDG), hadde med seg eit kunstverk i gåve til den nye kysthytta. Ho håpte at det vil kome betydeleg fleire hytter som i Rongevær.
– Det er historisk og eg håpar dette er den første av mange slike hytter i fylket. Vi er opptatt av at innbyggarane skal ha tilbod om friluftsliv nær der dei bur. Etter pandemien ser vi at naturen som er der vi bur har mykje å seie. Den er tilgjengeleg heile året, sa ho.
Sjølve den offisielle opninga, som gjekk ut på å sage over ei gamal åre, var det barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) som stod for, saman med generalsekstretær Dag Terje Solvang i DNT og styreleiar Elisabeth Skage i Bergen og Hordaland turlag.
– Ein kunne ikkje funne ei betre plassering for den første kysthytta i Vestland, sa Toppe.
Skage fortalde at Bergen og Hordaland turlag har forsøkt å få plass ei kysthytte i mange år, men at prosjekta alltid har stranda.
– Heilt til Austrheim kommune kom på bana. Vi blei forførte av dette området og no er vi her i dag for å opne. Denne hytta er praktfull.
Solvang let seg og sjarmere av kystlandskapet i Austrheim.
– Når ein pratar om skjergard i Norge så er det ofte Sørlandet og blindleia, men dette må vere vel så fint. Det er heilt praktfullt.
Kommunalsjef for oppvekst og kultur i Austrheim, Trine Merete Jansen, var kommunen sin representant på opninga. Ho fortalde at kommunen er svært imponerte over kva DNT har fått til i Rongevær.
– Eg vil oppfordre alle til å bruke både området og hytta, sa ho.