Lovar heksebrygg og knask - fritt for «knep»

Tradisjonen tru – og trass i korona vert det også i år Halloween-feriring på Vestnorsk utvandringssenter 31. oktober.

DEL


– På grunn av smittevern vert arrangementet utandørs, i motsetning til tidlegare kor vi har brukt både uteområdet og hatt aktivitetar inne i husa, seier Mona Karstensen, arrangement- og marknadsavansvarleg ved utvandringssenteret på Sletta.

Utvandringssenteret steller i stand ei spennande opplevingsløype med rebus og småskumle effektar. I Prærielandsbyen vert det god halloweenstemning med fyr i bålpanner. På billetten får ein både heksebrygg og marshmallows, og dei har pølser for sjølvgrilling for sal, i tillegg til snop, kaker og diverse drikke.

– Hjå oss legg vi vekt på ei koseleg feiring, på ein småskummel, men kjekk måte, fritt for «knep», men kanskje vankar det litt knask, seier Karstensen.

Sminkevideo og fotokonkurranse

Ho veit at mange har ein høg terskel for å gå ut blant folk i desse koronatider, og difor legg utvandringssenteret også opp til å ha eit lite digitalt tilbod i form av ein sminkevideo og fotokonkurranse.

– Tidlegare har vi hatt ansiktsmaling som ein av aktivitetane, dette går diverre ut på grunn av smittevern, men vi lager ein steg-for-steg video på Facebooksida vår om korleis sminka seg sjølv, og ein tilhøyrende fotokonkurrane, med litt knask i premie, seier Karstensen.

Har med utvandring å gjera

Mange har oppfatninga av at Halloween er noko veldig amerikansk, og noko som handelstanden i Noreg har kopiert.

– Men sanninga er litt meir nyansert enn som så. Halloween har ein god del med utvandring å gjera, for det var opprinneleg keltarane og irane som tok denne tradisjonen med seg til Amerika då dei emigrerte. Dei har feira «Samhain», dvs nyttårsaftan 31. oktober heilt tilbake til 8-900-talet.

– Datoen 31. oktober vart sett på som ein dag kor skiljet mellom verda til dei levande og daude vart utviska. Keltarane trudde vonde ånder stod opp frå gravene på denne datoen, difor brukte dei neper som lykter på gravene. Dei sette og ut mat, så gjenferda skulle bli verande på kyrkjegarden. Dei kledde seg også ut for å lura dei same åndene, at dei skulle tru at dei også var gjenferd.

Store bål - nyttårsfest

– Keltarane hadde mykje uhygge denne kvelden, men feiringa var også ein nyttårsfest då ein tok farvel med det gamle året og helsa det nye velkommen. Difor tente dei store bål, som riktig nok også skulle tena til å skremma bort dei uønska åndene…

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken