Gå til sidens hovedinnhold

Lotte (12) med ei klar oppmoding: - Ver forsikige!

Artikkelen er over 1 år gammel

- Kvifor valte dei å opne grensane til heile Europa, spør 12 år gamle Lotte frå Alver.

Eg kan ikkje så mykje om politikk, men kvifor valte dei å opne grensane til heile Europa? Og kvifor er det slik at hvis nokon reiser ut av landet og kjem tilbake, så må dei ikkje i karantene?

Sverige har hatt mange sjuke som har dødd av korona, og dei har det framleis. Det same har også Spania. Gjett kva, Spania ligg i Europa, så då kan folk reise dit og ta med seg smitte heim til Norge.

Eg blir heilt satt ut. Det er ikkje greitt.

Nordmenn elskar varme stader, akkurat som Spania. Men vær så snill og ikkje reis dit. Mange barn er redde for viruset.

Eg veit at vi ikkje berre kan sei stopp til korona. Men vi må stå saman om dette, med ein meters avstand, og gjere så godt vi kan. Viss ein skal løpe ein mil, så kan ein ikkje berre gje alt ein har med ein gong. Du må halde eit fint tempo over lengre tid for å klare det.

Eg tenkjer bare "what"?! Det er så dumt at det no er opna.

Det er ikkje berre vi som kan reise og ta med oss smitte tilbake, men folk frå andre land kan komme til Norge med smitte. Eg er redd for korona, og det er mange andre også. Alle gleda seg til 2020, men så blei alt berre dumt. No kan ting bli verre igjen i andre land, og eventuelt i Norge.

Kvifor måtte ein opne grensane? Ingen land har opplevd koronaviruset før, så vær så snill. Ta det roleg og ta trygge val. Eg forstår at de kan bli skuffa dersom de hadde bestilt reise til eit anna land.

Eg håpar at folk vil sette seg sjølv i karantane viss dei har vore i utlandet. Dersom det går utover skule eller jobb, så burde ein ha heimekontor. Folk må tørre å spørre om det, men eg veit at det ikkje vil skje. Eg veit at politikarane har sagt at vi ikkje treng å sette oss sjølv i karantane, men då tenkjer eg at folk må tenkje sjølv.

Bruk Norge i sommarferien. Norge er nydeleg! Reis med båt, bil, bobil eller campingvogn. Reis på telttur eller på hytta, gå tur eller berre ver heime. Tenk sjølv, og høyr på råd. Alle veit at 2020 blir annleis. Ingen vil at restriksjonane grunna korona skal vare i fleire år, så då må vi vere forsiktige og trå varsomt.

Eg har ikkje lyst til å gå rundt å vere redd for at folk kjem med smitte, og eg er sikkert ikkje den einaste.

Kommentarer til denne saken