Vinn eller forsvinn for fleire lokale lag

Artikkelen er over 7 år gammel

Dei to beste herrelaga og det beste damelaget i Nordhordland er i akutt nedrykksfare når to kampar står att av årets sesong. For Eikanger og Kverbit har toget allereie gått frå stasjonen.

DEL

Lokalfotballen har vore i trøbbel i fleire sesongar allereie. I?fjor stod Radøy/Manger for høgdepunktet då dei rykka opp til 3. divisjon igjen, men tilværet i ei tøff avdeling med mange Sogne-reiser har ikkje berre vore enkelt for laget frå den grøne øya.

To serierundar før slutt ligg laget på 11. plass på tabellen, eitt poeng framfor Saga som akkurat no ligg an til nedrykk saman med allereie fortapte Eid og Bergen Nord.Radøy/Manger møter serietrear Fyllingsdalen 2 på bortebane no i ettermiddag, og tabellnabo Tornado Måløy heime i siste serierunde.

Dersom Saga tapar sine to siste, heime mot tabelltoar Florø og borte mot tabellfemmar Øystese, er Radøy/Manger sikker. Dette er likevel ikkje noko å satsa hus og heim på, så poeng, og aller hels siger i dei to siste vil vera å føretrekka.

NBK?i faresona

Også i divisjonen under står det mindre bra til. NBK er i utgangspunktet safe på 10. plassen der dei no ligg, men dersom Radøy/Manger rykkjer ned må sju lag ned frå dei to Hordalandsavdelingane i 4. divisjon. Med to kampar igjen kan NBK?teoretisk sett gå forbi både Sandviken og Dale, noko som vil føra laget opp på ein heilt trygg 8. plass.

Klarar dei å passera eitt av desse laga er dei også heilt trygg. Dersom Radøy/Manger bergar plassen går det fint å behalda 10. plassen også, men Gneist, som ligg poenget bak, har neppe tenkt å gi seg utan kamp, dei heller.

NBK?møter den opprykksjagande serietoaren Lyngø i Knarvik i ettermiddag, medan Loddefjord er vertskap i sesongens siste kamp. NBK?har det meste i eigne hender, og med siger i dei to siste bør laget uansett vera sikra spel i 4. divisjon neste sesong.

Hordabø-damene må vinna

Også på damesida er det trøbbel. Hordabø, som for to sesongar sidan rykka opp til 2. divisjon, er no på veg ned igjen for andre året på rad. Laget ligg nest sist på tabellen to rundar før slutt, riktig nok a-poeng med Djerv og med Voss 2 sitt trekte lag allereie klare for 4. divisjon, men det er ikkje tvil om at Hordabø treng poeng for å berga plassen i 3. divisjon.

Laget møter nemnde Djerv heime i ettermiddag, medan Gneist ventar på Liland i siste runde.

Kvernbit (5. divisjon) trekte laget sitt alt i sommar, medan Eikanger (6. divisjon) ikkje har møtt til fleire kampar, og såleis kjem til å verta degradert. Gulen (opprykk til 6. divisjon) og Nordre Holsnøy (opprykk til 5. divisjon) står for dei mest positive tinga i lokalfotballen 2012.

Artikkeltags