Vil til topps i debutsesongen

TOPPLAG: ENK debuterer i seriesystemet i år, og vil kjempa i toppen allereie i debutsesongen. (Foto: Marius Silseth)

TOPPLAG: ENK debuterer i seriesystemet i år, og vil kjempa i toppen allereie i debutsesongen. (Foto: Marius Silseth)

Artikkelen er over 10 år gammel

Det unge samarbeidslaget ENK debuterer i seriesystemet i år. Og laget har seriøse planar om å hevda seg heilt i toppen.

DEL

Lag: Eikanger/Kvernbit/Hordabø (ENK)

Divisjon: 4. divisjon kvinner, avdeling 2

Trenarteam: Marius Silseth, Arvid Borlaug, Trond Fosse, Øystein Johansen.

Spelarstall: Agnete Børnes, Andrea Horgen Kvinge, Anne Berit Torsvik, Caroline Morken, Egzona Holili, Heidi Ingebrigtsen, Helene Hammer, Helene Daae, Ida Tangedal, Ingvild Smælver, Karianne Snakkevik, Lena Silseth, Lene Kvinge Tvedt, Marianne Soltveit, Marielle Moldekleiv, Marte Sleire Hatlevik, Mette Valle, Mia Foss, Sigrid Johansen,

Silje Paulsen, Solvor Øvretveit, Susanne Borlaug, Susanne Berge, samt supplement frå jentelaget.

Ambisjonar: Kjempa i toppen/opprykk

- Etter treningskampane i vinter har vi blitt samde om å justera opp ambisjonsnivået nokre hakk, seier ENK-trenar Marius Silseth til nh.

Etter fleire år utan damelag, bestemte NBK seg for å prøva å dra i gang eit tilbod denne sesongen. Leia an av Marius Silseth, vart dette etter kvart eit samarbeidslag mellom dei tre naboklubbane NBK, Eikanger og Kvernbit. Laget er påmeldt i dameserien, men har ingen seniorspelarar i rekkjene. Likevel trur Silseth at ENK kjem til å bli eit topplag.

- Vi manglar litt på det fysiske, men er eit veldig godt spelande lag, med mange gode og treningsvillige spelarar. Opprykk er ikkje umogeleg, seier han.

- Gode resultat

Men sjølv om det ikkje er umogeleg, er ikkje opprykk noko mål i seg sjølv. I år er planen å få smaken på seniorfotball for laget, som stort sett består av juniorspelarar med supplement frå jentelaget. Silseth ser fram til å koma i gang.

- Vi har spelt ei rekkje treningskampar i vinter, og har mellom anna slått Hordabø og Flaktveit som ligg i fjerdedivisjon. I tillegg har vi slått tredjedivisjonslag, og no nyleg spelte vi uavgjort mot det laget som kom på tredjeplass i tredjedivisjon i fjor. Så vi har ein del å stilla opp med, seier Silseth, som trenar laget saman med Arvid Borlaug.

- Spelande lag

ENK sine eldste spelarar er knapt myndige, men fotballmessig ligg mange av dei svært langt framme. Og så er dei treningsvillige som få.

- Vi har fire fellesøkter for veka, men veldig mange vel å trena to-tre økter på eiga hand også. Dessutan går ein del på fotballgymnaset, så det vert nokre timar med fotball for veka, seier Silseth, og fortel samstundes at dette er noko laget kjem til å utnytta.

- Vi er ikkje så store og sterke, og ikkje veldig godt vand med mykje knuffing og halding. Men vi er eit spelande lag som spring mykje, og skapar på denne måten mange sjansar. Eg er rimeleg trygg på at vi kjem til å hevda oss i toppen, seier han.

Artikkeltags