Vil slå saman NBK og Radøy/Manger

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

NBK, Kvernbit og Radøy/Manger er i samtalar om eit samarbeid. Målsettinga er å ha på plass eit toppa lag til 2014-sesongen.

DEL

Det får avisa Nordhordland stadfesta i dei ulike klubbane.

– Skal vi få til noko i Nordhordlandsfotballen må vi samarbeida, seier Harald Kvamme som er dagleg leiar i NBK.

Ikkje vore i 2. divisjon sidan 1998

Fotballsesongen 2013 er snart over, og det er svært lite lystig lesing på tabellane for dei lokale laga. Radøy/Manger vart kasta ut av 3. divisjon då dei ikkje klarte å stilla lag til ein bortekamp. NBK kjempar rett nok i toppen av 4. divisjon, men ein elendig vårsesong førte til at dei aldri var i nærleiken av å kjempa om opprykk. Går alt NBK sin veg kan dei klara ein brukbar 3. plass når sesongen er over.

LES OGSÅ: Her skjeller NBK-spelaren ut dommaren

Helgas 3–1 siger over NHH, med to mål av Kristian Andås og eit av Svein Nytun, førte dei heilt inn i kampen om ein plass i kvalifiseringa til cupen i 2014. Med det er dei eit av få lyspunkt i lokalfotballen i regionen. Det har ikkje vore ein klubb i 2. divisjon frå Nordhordland sidan 1998, då Radøy/Manger var oppe.

– Noko må gjerast

– Noko må vi gjera i Nordhordlandsfotballen for å komma oss vidare. For det høyrer ikkje heime å vera i 4. divisjon, seier Trond Egil Soltvedt i Kvernbit.

Han seier at det er viktig å gje dei unge som vil opp og fram ein god arena, så dei får den utviklinga dei skal ha.

– Det er sunt og godt med eit samarbeid mellom klubbane, seier Soltvedt.

LES OGSÅ: NBK sparte spelarar i storsiger

– På sikt bør målet vera å spela i 2. divisjon. Men vi gjer dette for vi ser at dei siste åra har det vore ein enorm lekkasje av dei største talenta ut av regionen. Det igjen skapar ringverknader for breidda, då interessa hjå dei nest beste gjerne forsvinn når rollemodellane forsvinn, seier Kvamme i NBK.

Har ikkje sett tidsfristar

Planen er å etablera ein heilt ny toppklubb der ein vil ha eit fyrste- og eit andrelag, og i alle fall eit juniorlag. Det er og snakk om å inkludera eit toppa gutelag i den nye klubben.

Diskuter: Kva meiner du om ei samanslåing av fotballklubbane i Nordhordland? Er det den rette medisinen? Eller er det andre ting ein kan gjera for å betra kvaliteten på fotballen i Nordhordland?

Tanken er at dei største talenta i regionen naturleg nok skal søka seg til den nye toppsatsinga, og ikkje forsvinna til klubbar i bergensregionen.

Breiddefotballen skal framleis gå føre seg i bygdene rundt om.

i 2013-sesongen er det heile elleve klubbar frå Nordhordland og Gulen mellom 4. og 7. divisjon.

LES OGSÅ: Radøy/Manger kasta ut av 3. divisjon

Det er for seint å etablera ein ny klubb for 2014-sesongen. Men planen er å etablera eit lag under paraplyen til ein av dei andre klubbane for 2014, og så koma på bana med ein nystarta klubb i 2015.

– Vi har ikkje sett nokon tidsfristar. Men vi er einige om å møtast igjen i løpet av dei neste par-tre vekene for å ta saka vidare, seier Kvamme.

Klubbane må verta einige innan den 10. desember med tanke på å stilla felles lag under paraplyen til ein av klubbane i 2014-sesongen.

– I staden for å konkurrera bør vi samarbeida, seier han.

I 2014 vil det vera to 4. divisjonsklubbar i Nordhordland. Ei av løysningane dei har diskutert er å toppa eit av laga, medan det andre laget vert eit rekrutteringslag. Dermed håpar dei på å rykka opp med det eine laget og behalda det andre i 4. divisjon.

LES OGSÅ: Tre av dei lokale laga jagar opprykk

– Det vil vera ein kjempefordel for førstelaget å få gjera det på den måten der. Får ein dette til å rulla er det større sjanse for å behalda ungdommen lenger enn i dag, seier Soltvedt i Kvernbit.

– Kan ikkje sitja på kvar si tua

Han seier at ein må ta dette steg for steg.

– Det er viktig at folket i Nordhordland skjønar at ein må gjera noko slikt for å få opp eit lag. Det er ikkje vits i å sitja på kvar si tua, det har vist seg gjennom 20 år å ikkje vera nokon god veg, seier Soltvedt.

Diskuter: Kva meiner du om ei samanslåing av fotballklubbane i Nordhordland? Er det den rette medisinen? Eller er det andre ting ein kan gjera for å betra kvaliteten på fotballen i Nordhordland?

Soltvedt seier at dialogen mellom klubbane er god. Det same gjer Arne Askeland i Radøy/Manger.

– Vi har sagt at vi er positive til eit samarbeid, men vi må få alle fakta på bordet, seier han.

LES OGSÅ: NBK har vunne fem av dei seks siste kampane

Askeland seier at skal fotballen i Nordhordland koma seg vidare, må ein få til eit samarbeid.

– Det er vel sånn no at vi er på vegen, men vi veit ikkje kvar den går, seier han.

– Ideen er god og rett

Difor understrekar han at dei ikkje må gjera noko forhasta.

– Ideen er god og rett, men det er ein del fallgruver vi ikkje har sett og tenkt på enno. Vi må gå roleg fram og ikkje forhasta oss, seier han.

Askeland understrekar kor viktig det er med lag rundt om i distrikta, sjølv om ein har eit satsingslag for dei største talenta.

– Elles vil interessa fort dabba ut, trur han.

Men kva nivå den nye klubben skal sikta seg inn på, vil han ikkje seia for mykje om.

–Det er opp til dei resursane ein får på plass når det gjeld det økonomiske, administrative og det sportslege. Då kan ein setja seg målsetjingar. Men i forhold til folketalet er det ikkje unaturleg å ta sikte på 2. divisjon etter kvart, seier han.

Bør spela i Knarvik

– Kvar er det mest naturleg at eit satsingslag spelar heimekampane sine?

– Knarvik er mest naturleg i utgangspunktet. Men det er noko av det eg føler ein må sjå på, seier han og viser til at på Sletta har dei eit bra oppmøte på kamp, samanlikna med kva NBK får til.

Men han legg til at det er noko ein kan bygga opp på sikt for eit satsingslag og.

– Det som er viktig er at vi ynskjer at dei lokale talenta alt frå dei er smågutespelar av har ein naturleg klubb å søka mot, seier Askeland.

– Ser vi eit satsingslag alt frå 2014 av?

– Det kan godt henda. Men vi må få alle korta på bordet og spela dei rett, sluttar han.

Diskuter: Kva meiner du om ei samanslåing av fotballklubbane i Nordhordland? Er det den rette medisinen? Eller er det andre ting ein kan gjera for å betra kvaliteten på fotballen i Nordhordland?

Artikkeltags