- Vi spring dei i senk

FULL KONTROLL: Ida Tangedal leia ENK-jentene til storsiger over Vestsiden/Askøy under søndagens oppgjer på Knarvik Stadion. Men det var ingen tvil kven som var best etter 90 minuttar, ENK-jentene var overlegne.

FULL KONTROLL: Ida Tangedal leia ENK-jentene til storsiger over Vestsiden/Askøy under søndagens oppgjer på Knarvik Stadion. Men det var ingen tvil kven som var best etter 90 minuttar, ENK-jentene var overlegne.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Det unge ENK-mannskapet sprang Vestsiden/Askøy rett i senk på Knarvik Stadion søndag ettermiddag.

DEL

4. divisjon kvinner, avdeling 2: ENK – Vestsiden/Askøy 12-0

Mål ENK: Lene Kvinge, Caroline Morken (2), Ida Tangedal (2), Marielle Moldekleiv(4), Helene Hammer og Egzona Halili (2).

Måla rann inn og heimelaget gav seg ikkje før det stod 12-0.

- Det er ingen tvil om at dette viser at vi er godt i gang med å vinna serien. Vi følgjer opplegget vi har laga og det funkar. Men vi legg ikkje så mykje vekt på denne kampen her, sjølv om vi sjølvsagt fekk pynta ein del på målforskjellen, seier trenar Marius Silseth

Han er naturleg nok godt nøgd med 12 mål i ein kamp, men innser at denne kampen på ingen måte var nokon målestokk for sitt eige lag.

- Vestsiden/Askøy var eit mykje svakare lag enn oss, og slike kampar bør vi vinna. Men då er det flott at jentene ikkje legg seg ned på eit lågare nivå, og heller vinn kampen som eit spelande lag med høgt tempo, oppsumerar Silseth etter søndagens kamp.

- Godt trena

Og at det var høgt tempo på ENK sine unge damer i kampen mot Vestsiden/Askøy, det er heilt sikkert. Uansett kor mykje bortelaget prøvde seg på å få ballen fram mot ENK-buret, møtte dei berre ein mur av svartkledde og arbeidsvillige jenter.

- Vi er godt trena gjennom ein lang vinter med gode treningsforhold, der alt har gått etter planen. Og dette får motstandarane blodig erfara når vi rett og slett spring dei i senk, forklarar Silseth på spørsmål om kva som var forskjellen på dei to laga.

Han presiserar også at kampen mot Vestsiden/Askøy ikkje vart vanskelegare enn forventa, og at det unge samarbeidslaget har mange kampar igjen der mykje hardare konkurrentar står på andre banehalvdel.

Vil opp

- Målet vårt med denne sesongen er rett og slett opprykk og 3.divisjon i 2008. Nivået i 4.divisjon er varierande og vi treng difor betre og jamnare konkurranse, slik at vi kan utvikla oss både som spelarar og lag, røpar ENK-trenaren.

Han seier at tross sin unge alder har jentene som er født i både 1992,-91,-90 og -89 klart seg svært bra i sin første sesong med damefotball. I alle fall så langt.

Caroline Morken var ei av jentene som imponerte ekstra under målfesten og fekk ballen i nota to gonger. Ho jobba heilt perfekt saman med alle dei andre jentene, og trenaren er viss på ein ting; dei vinn ikkje på det fysiske.

Serieleiaren i neste

- Vi speler fotball, og verken sloss eller krigar om ballen utpå bana. Vi er raske til fots og får ballen kjapt til og frå kvarandre. Fysisk er vi verken gamle nok eller store nok, og eg har heller ikkje trua på fysisk fotball. Teknikk og fart er enkle og greie suksessfaktorar, seier Silseth til nh.

No ligg det unge damelaget på ein tredjeplass på tabellen med 10 poeng, medan Hordabø leiar med sine 15 poeng. Sjølv om serieleiaren er motstandar i neste kamp, er trenaren ved godt mot og har trua på siger i lokalderbyet.

Artikkeltags