Uavgjort for ENK

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Endar på 4. plass.

DEL

Samarbeidslaget ENK spelte uavgjort 2-2 borte mot Gneist søndag, og endar såleis på 4. plass i 3. divisjon for kvinner, akkurat slik dei planla før sesongen starta.

Laget hadde moglegheit til å overta 3. plassen i avdelinga i siste runde, dersom Arna-Bjørnar sitt andrelag gjekk på ein smell.

Det gjorde dei, men i og med at ENK berre klarte eitt poeng mot Gneist, hamnar laget på 4. plass, eitt poeng bak nettopp Arna-Bjørnar 2.

Karianne Snekkevik og Sigrid Johansen skåra ENK sine mål i sesongens siste kamp, der det også var rom for ein ung debutant.

14 år gamle Anne Askeland (til høgre på bildet) spelte dei siste 35 minutta av helgas kamp, og mottar lovord frå trenar Marius Silseth.

- Anne viste seg frem med god teknikk. Ho er flink til å utfordra ein mot ein, og er alltid spelbar, seier Silseth.

Med på bildet er også ein annen jentespelar, Henriette Spurkeland, som spelte sin andre seniorkamp i helga.

Artikkeltags