Uavgjort for ENK

Artikkelen er over 10 år gammel

ENK klarte berre eit poeng borte mot Nymark sine nest beste i tirsdagens kamp.

DEL

4. divisjon damer, avdeling 2: Nymark 2 – ENK 1-1

Det vart litt stang ut for det unge samarbeidslaget i tirsdagens oppgjer borte mot Nymark 2. Motstandaren var ikkje all verda, men heilt klart eit av dei betre laga i avdelinga.

Poengdelinga gjer at Hordabø vert liggande på tabelltoppen med 18 av 21 mogelege poeng så langt i sesongen.

ENK på si side er ubesigra, men står med to uavgjorte kampar og dermed 17 poeng. Hordabø kan auka forspranget med siger over Varegg/Sandviken torsdag.

Artikkeltags