Trenarteamet ferdige i Radøy/Manger

FERDIGE I RADØY/MANGER: Knut Bjarne Fotland og Geir Karstensen er løyst frå kontraktane sine med Radøy/Manger. (Foto: Endre Hopland)

FERDIGE I RADØY/MANGER: Knut Bjarne Fotland og Geir Karstensen er løyst frå kontraktane sine med Radøy/Manger. (Foto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 6 år gammel

Radøy/Manger sine trenarar er løyst frå kontraktane sine. Magnar Fjeld tar over 3. divisjonslaget.

DEL

Radøy Manger FK har vald å løysa trenarane til A-laget, Knut Bjarne Fotland og Geir Karstensen, frå kontraktane deira.

- Grunnen er at det var vist seg vanskeleg å få til treningstid som passa alle spelarane, då trenarane ville ha tidleg trening på grunn av jobb og lang reise, seier leiar i Radøy/Manger FK, Arne Askeland.

- Med mange spelarar som er småbarnsforeldre, og fleire som hadde problem med kort tid mellom jobb og trening, vart treningsframmøtet veldig lågt, noko som igjen har gått ut over kvaliteten på treningane, seier Askeland vidare.

Radøy/Manger gjekk lørdag av bana utan poeng for åttande gong denne sesongen. Med sine sju poeng ligg laget nest sist på tabellen når to kampar står att før sommarferien.

Magnar Fjeld kjem inn igjen som trenar for Radøy/Manger. Ei gruppe av spelarane vil ha ansvaret for treningane resten av sesongen.

Fjeld leia Radøy/Manger til opprykk til 3. divisjon i forfjor, og til fornya kontrakt i 3. divisjon i fjor.

Artikkeltags