Tre poeng til ENK

Artikkelen er over 10 år gammel

ENK tok sin første trepoengar då dei slo Varegg/Sandviken 5-2 på Stemmemyren søndag ettermiddag.

DEL

4. divisjon kvinner, avdeling 2: Varegg/Sandviken – ENK 2-5 (0-1)

Bortelaget leia 0-1 ved pause, men Varegg/Sandviken opna andreomgang forrykande og pressa dei unge jentene frå Nordhordland bakover. Med raske og gode spissar slo dei konsekvent langt og sette forsvaret til ENK under hardt press.

Heimelaget skåra også to gongar, før ENK tok seg saman, og med knallhard jobbing kom jentene frykteleg tilbake. På 20 minuttar gjekk gjestane frå 1-2 til 5-2 og tok til slutt tre fortjente poeng.

Artikkeltags