Tre av dei lokale laga jagar opprykk

KJEMPAR OM OPPRYKK:?Helene Marøy og Hordabø-damene er eit av dei lokale laga som framleis har     ein god sjanse til å rykka opp denne sesongen.

KJEMPAR OM OPPRYKK:?Helene Marøy og Hordabø-damene er eit av dei lokale laga som framleis har ein god sjanse til å rykka opp denne sesongen. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Både Hordabø-damene og Masfjord ligg framleis godt an til opprykk til 3.- og 6. divisjon. Også NBK 2 har meld seg på i kampen om opprykk til 5. divisjon.

DEL

Hausten er over oss, og lokalfotballen nærmar seg den kritiske fasen. Det er i dei neste kampane det skal avgjerast kven som rykkjer opp og ned neste sesong. I?år er mange lokale lag involvert i begge kategoriar.

I 4. divisjon kvinner er Hordabø-damene i førarsetet, til tross for 3-2-tapet mot Austevoll/Selbjørn i helga. Laget leiar serien med 33 poeng etter 14 spelte kampar. Stord har same poengsum etter 15 spelte kampar, medan Fyllingsdalen 2 har 32 poeng etter 13 kampar. Fyllingsdalen 2 og Hordabø møter kvarandre på Bø til helga.

– Solid motstand

Jill Hermansen og Helene Marøy skåra radværingane sine mål mot Austevoll/Selbjørn, i ein kamp som kunne vippa begge vegar.

LES OGSÅ: Radøy/Manger kasta ut av 3. divisjon

– Vi har ikkje marginane med oss, og er i tillegg ikkje så presise som vi har vore tidlegare. Det vart også litt lite bevegelse på oss, og mot eit så aggressivt lag som Austevoll/Selbjørn, som ikkje gav oss tid i det heile tatt, vart vi straffa, seier Hordabø-trenar Frode Myking, som trudde på ein tøff kamp også på førehand.

– Når eg såg at eit så solid lag som ENK sleit mot dei, rekna eg med at det kom til å verta tøft seier han til Nh.

Masfjord mot opprykk

Også i 7. divisjon har vi eit lokalt lag på toppen av tabellen, Masfjord, som slo Fedje 3–1 heime i helga, toppar tabellen med 33 poeng etter 13 kampar. Med fem kampar igjen å spela er det seks poeng ned til Bergkrystall, som ligg to poeng bak serietoar Myrdal. Dei to beste laga går opp.

I helga skåra Bjarte Villanger for Fedje og Stian Rasdal for Masfjord før pause, medan Ørjan Langhelle og Daniel Asheim sytte for at sluttresultatet vart 3–1 til serieleiaren.

– Vi var klart best, men elendige på avslutningar, seier målskårar Rasdal til Nh.

LES OGSÅ: Mista to poeng i siste speleminutt

Jon Harald Leknes på Fedje er samd i dette.

– Vi er fornøgd med berre å tapa 3–1. Normalt har bortekampane mot Masfjord vorte stygge. I år har vi faktisk slått Masfjord på bortemålsregelen over to kampar, seier han til Nh.

Håp for NBK 2

I 6. divisjon, avdeling 1 er det også håp om eit lokalt opprykk. NBK?2 kom tregt i gang, men har no funne forma. Forsterka med ei rekkje tidlegare Radøy/Manger-spelarar feide dei Bergen Nord 2 av bana med heile 9–1 i helga.

NBK2 har nokså beskjedne 19 poeng på 13 kampar, men det er berre seks poeng opp til opprykksplass. Og det er fem kampar igjen av årets sesong. Det er ein longshot, men det kan gå for raudtrøyene.

Måla i helga vart skåra av Jørgen Magnor-Jensen (2), Eivind Aase Rud, Magnus Sundsøy, Egil Svindal Fernando og Aleksander Vågenes (4).

LES OGSÅ: Radøy/Manger ankar degradering

Artikkeltags