Toppseriespelarar trenar ENK

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Larsen og Haveland inn i trenarteamet.

DEL

Dei tidlegare Toppseriespelarane Bente Haveland og Birthe Larsen går inn i trenarteamet til samarbeidslaget ENK.

- Dette er eit stort løft for laget, og eg kan ikkje forstå noko anna enn at jentene har veldig godt av å få Bente og Birthe inn i trenarteamet. Dei to har begge oppnådd mykje på fotballbana, og kan bidra med både erfaring og kunnskap, seier Marius Silseth, som held fram som hovudtrenar for samarbeidslaget.

Både Birthe Larsen og Bente Haveland har mange år bak seg i Arna-Bjørnar i Toppserien. Sistnemnde var også toppskårar for klubben, men spelte då med pikenamnet Musland på ryggen.

Denne sesongen var ho spelande trenar i Åsane, og no er det altså ENK som får nyta godt av tenestene til Hovland og hennar tidlegare lagveninne.

- Det er ein veldig entusiasme rundt damefotballen i Nordhordland for tida, og dette ville Bente og Birthe ta del i. Dei kjem til å få mykje ansvar, og leia fleire av treningane kvar veke. Med si erfaring, kjem dei til å vera viktige i utviklinga av unge spelarar, seier Silseth.

Med dei to nye tilskota, er trenarkabalen meir eller mindre i orden for ENK. Men framleis vert det jobba med å få med Arvid Borlaug som keepertrenar.

- Arvid har gjort ein veldig god jobb så lenge han har vore med laget, og vi håpar han held fram også neste sesong, seier Silseth til nh.

Artikkeltags