Tøff haust for ENK

Artikkelen er over 8 år gammel

Nytt tap i helga.

DEL

Samarbeidslaget ENK byrja bra borte mot Åsane sine nest beste i helgas kamp, og allereie etter to minutt sytte unge Annelise Danielsen for 0-1-leiing.

ENK hadde mykje av spelet før pause, men Åsane fekk likevel utlikna etter at ein av heimelaget sine angrepsspelarar var vaken frampå etter ein retur frå keeper.

Etter kvilen klarte ikkje nordhordlendingane å halda det gåande, og Åsane 2 fekk overta. Heimelaget skåra ytterlegare to mål, og vann til slutt kampen 3-1.

- No ventar nokre tøffe oppgjer i kampen for å overleva i divisjonen, og tida er inne for å visa kva som bur i oss, skriv ENK-trenar Marius Silseth på klubben sine heimesider.

Artikkeltags