Tar pause som middelhavsfararar

Artikkelen er over 7 år gammel

ENK tapte mot Hald.

DEL

Samarbeidslaget ENK tapte 2-0 borte mot tabellnabo Hald i helgas kamp.

Med kraftig motvind i første omgang vart gjestane frå Nordhordland pressa bakover av eit Hald-lag som satsa på lange ballar og avslutningar frå distanse.

Det var likevel ENK som fekke dei største sjansane i opninga av kampen, utan at det vart mål av det.

Hald skåra første omgangs første mål på eit langskot frå 25 meter.

Etter ein bra første omgang hang ikkje ENK saman etter kvilen, og Hald fekk gå opp i 2-0 med ein halv time igjen på uret.

Etter dette hadde laget, i følgje nettsidene www.enkdamer.com, lite å by på.

ENK har 12 poeng etter ni kampar, og ligg trygt plassert midt på tabellen.

Artikkeltags