Tapte mot tøff motstand

SKÅRA IGJEN: Jannike Garberg teikna seg på skåringslista igjen i helga, men det var ikkje nok til å hindra tap. (Foto: Elisabeth Garberg)

SKÅRA IGJEN: Jannike Garberg teikna seg på skåringslista igjen i helga, men det var ikkje nok til å hindra tap. (Foto: Elisabeth Garberg)

Artikkelen er over 9 år gammel

ENK rauk i sluttminutta.

DEL

- Dette er truleg det laget som kjem til å ligga øvst på tabellen når sesongen er over, seier ENK-trenar Marius Silseth etter 1-3-tapet mot Follese søndag.

ENK tok leiinga tidleg i kampen ved Jannike Garberg, men etter ein halvtime var det balanse igjen. Det unge samarbeidslaget kjempa godt, men gjekk fullstendig tom for krefter på slutten.

Då 1-2 kom tre minutt før full tid gjekk lufta ut av ballongen, og Follese kunne legga på til 1-3 på overtid. Dermed var sesongens første nederlag eit faktum for ENK.

- Vi visste på førehand at dette kom til å verta ein knalltøff kamp, og sjølv om Follese stilte utan tre av sine beste spelarar, vart det ein kamp med mykje kriging, blod og skader. Follese er eit utruleg aggressivt og sterkt lag, seier Silseth.

ENK-trenaren seier at trenarteamet kanskje kunne gjort ting annleis i sluttfasen av kampen, men at det i det store og heile ikkje var noko å seia på at Follese vann.

- Det hadde vore utruleg kjekt å få med seg poeng frå ein slik kamp, men vi deppar ikkje over resultatet. Det kjem mange nye sjansar, seier han.

Artikkeltags