Tapte mot serieleiaren

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Sotra for sterke for ENK.

DEL

Ikkje overraskande vart den suverene serieleiaren Sotra eit hakk for sterke for det unge ENK-laget i søndagens kamp på kunstgraset i Knarvik.

Første omgang var, i følgje ENK sine heimesider www.enkdamer.com, noko av det betre laget har prestert denne sesongen.

Likevel var det gjestane frå Sotra som tok leiinga etter rundt halvtimen, eit resultat som stod seg omgangen ut.

Etter kvilen tok gjestane meir over og skåra ytterlegare to mål. Fleire kunne det vorte, men ENK hadde ein sisteskanse i storslag.

For ENK fekk Regine Solberg (fødd 1994) sin første seniorkamp og dagens kaptein Caroline Morken (fødd 1992) spelte sin seriekamp nummer 50 for ENK.

Artikkeltags