Tapte mot effektive Sandviken

BERRE NESTEN: NBK, her representert ved Chris Fosse, tapte tirsdagens heimekamp mot Sandviken. (Foto: Endre Hopland)

BERRE NESTEN: NBK, her representert ved Chris Fosse, tapte tirsdagens heimekamp mot Sandviken. (Foto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 7 år gammel

NBK måtte tola 3-4-tap heime mot Sandviken tirsdag kveld.

DEL

Det var gjestane som tok leiinga etter rundt 25 minutt, ei leiing som vart dobla fem minutt seinare.

Sindre Skår sytte for 1-2 med eit velplassert skot etter eit kort firspark frå Alexander Hindenes med ti minutt igjen av første omgang, før unge Andreas Snekkevik skåra sitt andre for sesongen etter innlegg frå den same Skår.

Rett før domaren blas av for halvtid gjekk Sandviken på ny opp i leiinga.

Etter kvilen utlikna NBK igjen, denne gongen ved Kristian Andås, men det held ikkje heilt inn.

Eitt minutt før full tid skåra Sandviken for fjerde gong, og resultatet stod seg kampen ut.

Dette var Sandviken sin første siger i år. NBK står på si side med to sigrar på åtte forsøk.

Meir om kampen i Nh lørdag.

Artikkeltags