Tapte første haustkamp

Artikkelen er over 7 år gammel

Radøy/Manger måtte tola 1-0-tap borte mot Sotra i haustsesongens første kamp onsdag kveld.

DEL

Dei to laga hadde ein stor sjanse kvar før pause, men det stod 0-0 etter 45 minutt.

Etter 61 minutt stanga Simen Birkelund inn 1-0 til heimelaget via tverrliggaren.

Dette vart også kampens einaste mål.

Radøy/Manger vert liggande på 8. plass på tabellen, med 18 poeng etter 14 spelte kampar.

Artikkeltags