Tapte finalen i Cup Denmark

Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Kullabygdens vart for sterke i returen mot ENK.

DEL

Etter å ha gått gjennom innleiande seriespel med to sigrar og ein uavgjort, og vunne semifinalen i Cup Denmark med 3-0, spelte samarbeidslaget ENK finale i turneringa torsdag ettermiddag.

Motstandar var Kullabygdens, som laget slo 2-1 i innleiande rundar.

I finalen var det dei svenske jentene som viste seg sterkast, og som til slutt vann 3-1.

ENK-laget landa på Flesland torsdag kveld, etter eit Danmark-opphald dei kan sjå tilbake på som svært positivt.

Søndag 22. august byrjar serien igjen, og då er Odda vertskap for ENK på Tyssedal kunstgras.

Artikkeltags