Tap mot effektive Sotra

Artikkelen er over 7 år gammel

ENK rauk 5-1 på bortebane.

DEL

ENK gjekk på sitta andre strake tap borte mot Sotra i helga, i ein kamp som fort kunne sett annleis ut dersom laget hadde utnytta sjansane sine betre.

- Vi opna utruleg bra, og hadde nokre eventyrlege sjansar åleine med keeper vi burde sett. Etter dette la Sotra seg lågare i bana og forsøkte å stenga bakrommet. Dette lukkast dei delvis med, og brått fekk vi også 2-0 i trynet før det hadde gått 25 minutt, seier ENK-trenar Marius Silseth til Nh.

Sotra tetta godt igjen bakover i helgas kamp, og sjølv om det unge ENK-laget hadde det meste av banespelet, var heimelaget vanskeleg å få has på. I tillegg skåra dei på alle sjansane sine.

- Det var litt motsett av i fjor. Då skåra vi fem mål på fem sjansar, medan dei skåra to mål på 30 sjansar, fortel Silseth.

Til tross for to strake tap ser han positivt på sesongen vidare.

- Vi har møtt to av dei beste laga i avdelinga, og spelar vi slik vi har gjort så langt vidare, kjem vi til å plukka mange poeng. Det dreiar seg for vår del om å bygga eit lag over tid, og vi ønskjer å plassera oss rundt midten av tabellen i år, seier han til Nh.

Artikkeltags