Tap i toppoppgjeret

TØFT: Det var ikkje tvil om at det gjekk heitt for seg då dei to beste laga i 3. divisjon braka saman på Knarvik stadion mandag ettermiddag. Unge Sandra Bergetun gjorde ein fin figur i ENK sitt mål.

TØFT: Det var ikkje tvil om at det gjekk heitt for seg då dei to beste laga i 3. divisjon braka saman på Knarvik stadion mandag ettermiddag. Unge Sandra Bergetun gjorde ein fin figur i ENK sitt mål.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Første ENK-tap i serien.

DEL

ENK tapte sin første seriekamp nokon gong då dei møtte Arna-Bjørnar 2 i Knarvik søndag.

ENK gjekk ut i eit rasande tempo, då dei møtte Arna-Bjørnar 2 på Knarvik Stadion mandag ettermiddag. Gjestane blei nok overraska då heimelaget gjekk i leiinga allereie etter fem minuttar spel, med god hjelp frå tidlegare ENK-spelar, Silje Paulsen.

Både Ida Tangedal og Caroline Morken fekk til tider særs store sjansar, som på mirakuløst vis hamna utanfor mål. Og det såg lenge ut som om samarbeidslaget frå Nordhordland skulle få med seg tre poeng, men det var før gjestane vakna.

Sterk motstandar

Med blant anna J-17 landslagskaptein Janniche Linde på plass i midtforsvaret og fleire andre spelarar med erfaring frå toppserien for kvinner, var det ikkje småjenter heimelaget fekk bryna seg på.

Det unge laget frå Nordhordland var godt kjent med situasjonen og spelte taktisk deretter. Men det skulle ikkje gå meir enn 25. minuttar av første omgang før dei sterke gjestane kjente lukta av målsus, og vel ti minutt før pause utliknar dei på eit frispark som passerar kvar og ein i ENK-forsvaret.

Første tap

Andre omgang startar slik første omgang sluttar, og laget frå Nordhordland har sitt svare strev med å halde unna lynraske vingar og farlege angrep. Men det vert i det lange løp for hardt, og eit kvarter ut i andre omgang går gjestane i leiinga 1-2. Det held fram med den same stilen, og det ser mørkt ut for ENK-jentene ein periode.

Etter halvspelt andre omgang byrjar ENK eit angrep, men vert tatt på senga og får ei kontring mot seg. Den raske spissen Marita Gangås, frå Arna-Bjørnar har små problem med å leggja på til 1-3.

Klokka tikka ikkje akkurat rette vegen for ENK og heimelaget såg ut til å ha mista alle moglegheiter til å få med seg poeng. Men det ville verken Karianne Snekkevik eller Ida Tangedal ha noko av.

Sistnemnde slo inn frå kanten til Snekkevik som enkelt låg ballen til høgre for målvakta. Det var igjen spenning i kampen, men etter mange heilhjarta forsøk ebba det heile ut med tre poeng til Arna-Bjørnar sitt andrelag.

- Fornøgd

- Vi er heilt klart veldig fornøgd med kampen. Eg syns jentene gjer ein kjempeinnsats mot det sterkaste laget i divisjonen, seier trenar Marius Silseth, som forklarar at planen før start var å stressa Arna-Bjørnar-forsvaret, noko dei lukkast med til ein viss grad.

Sjølv seier han også at han gjerne skulle sett at fleire hadde teke turen til Knarvik stadion for å sjå det beste kvinnefotballaget i Nordhordland i nydeleg vårvêr.

Artikkeltags