Tap i kjedeleg kamp

Artikkelen er over 8 år gammel

ENK rauk 0-1.

DEL

ENK og Øygard underheldt ikkje nemneverdig bra i haustsesongens første kamp. Øygard skåra kampens einaste mål på ein corner etter 65 minutt. ENK hadde også ein ball i nettet, men målet vart annullert for offside.

I følgje ENK sine heimesider, www.enkdamer.com, var det tydeleg at ferien ikkje hadde sleppt heilt taket i spelarane på nokon av laga.

At det kom ei avgjerd i kampen var eigentleg meir tilfeldig enn eit resultat av godt spel. Heldigvis er det mange kampar igjen før serien er over, og mange poeng å kjempa om. ENK vert liggande på 4. plass på tabellen etter tapet.

Artikkeltags