Tabelltopp for samarbeidslaget

Artikkelen er over 10 år gammel

Samarbeidslaget ENK cruisar vidare. Torsdag fekk Åsane bank på Knarvik stadion.

DEL

4. divisjon kvinner, avdeling 2: ENK – Åsane 6-0

Mål: Karianne Snekkevik (2), Lene Tvedt (2), Helene Daae, Marianne Soltveit

Åsane var aldri nokon målestokk for ENK. Det kunne faktisk verka som om gjestane var mest interessert i å gjera skaden så liten som mogeleg.

- Dei brukte to minutt på kvart innkast og gjorde 25 spelarbyte i løpet av kampen. Det vart mykje oppdelt og lite fart, men vi hadde ingen problem med å vinna, seier ENK-trenar Marius Silseth til nh.

Med sigeren torsdag gjekk ENK forbi Hordabø på tabellen, men Hordabø møter Flaktveit på Breimyra i helga, og med siger her er det laget frå den grøne øya som toppar igjen.

- No har vi to kampar igjen før ferien, og vi har intensjonar om å leia serien når vi tar sommarferie, seier Silseth, som let fleire 14- og 15-åringar få sleppa til i torsdagens kamp.

- Det er viktig at dei unge får matcha seg, seier han.

Artikkeltags