Svak seriestart
Både Radøy/Manger og NBK tapte i serieopninga. For dei lokale damelaga gjekk det betre.
Radøy/Manger imponerte ingen i serieopninga i 3. divisjon lørdag ettermiddag. Heime mot Vik klarte laget kunststykket å få 0-1 i trynet etter 14 sekund, til tross for at det var radværingane som tok avspark.
Det vart ikkje betre utover i kampen, og Radøy/Manger tapte til slutt 0-3.
NBK spelte borte mot Os 2 i 4. divisjon no i ettermiddag. Det enda med 5-2-tap for Erlend Andås sine utvalde.
I 5. divisjon har ingen lokale lag vore i aksjon denne helga, men i 6. divisjon har Gulen spelt 3-3 borte mot Morvik, medan Austrheim og Apollo spelte 2-2. Hordabø måtte sjå seg slått med 5-2 heime mot Bergenskameratene.
Kampane i 7. divisjon er enno ikkje oppdaterte, men i 4. divisjon kvinner har ENK knust Frøya 0-11 borte, medan Hordabø har vunne 1-4 borte mot Tertnes. Austrheim tapte på si side 1-8 heime mot Fyllingsdalen 2.