Superbytte for ENK

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Amanda skåra tre.

DEL

Amanda Hannisdal Espetvedt kom innpå og redda poeng for ENK med tre fulltreffarar.

Stillinga til pause var 1–3 til Hald, og ENK måtte bytta tre spelarar på grunn av skadar. Ein av dei som kom innpå var spissen Amanda Andrea Hannisdal, ho kvitterte med hat trick i løpet av femten minutt!

Dessverre for heimelaget heldt det berre nesten til siger. Hald skåra tre minutt på overtid, og kampen enda til slutt 4 -4.

- Sjølvsagt er det ergeleg at vi ikkje heldt leiinga heilt inn, og at Hald får eit mål tre minutt på overtid. Synest samtidig vi må ta med oss det positive frå andre omgang. Vi gir ikkje opp sjølv om vi ligg under med to mål og viser ein heilt anna aggressivitet og innsatsvilje i andre omgang.

- Vi har ein del nye spelarar som kjem frå juniorlaget. Føler kanskje at midtbane leddet og det offensive spelet ikkje har vore hundre prosent i det siste, i andre omgang snur vi det og då er vi gode, seier tremålskåraren til Nh.

- Halv meter unna alle duellar

ENK trenar Marius Silseth var ikkje nøgd etter første omgang, men er stolt over korleis laget hevar seg etter pause.

I første omgang er vi ein halv meter unna alle duellane på bana. I tillegg spelar vi ikkje breitt nok på kantane. Etter kvilen set ting betre, vi vert meir aggressive utan å vera stressa, seier Silseth.

Snittalder på 17 år

ENK er eit lag for framtida med ein gjennomsnittsalder på berre 17 år, samtidig har laget etablert seg i tredje divisjon.

- I kamper som i dag kor vi møter eit fysisk sterkt lag som Hald, merkast det at vi manglar litt fysikk. Vi er eit ungt og entusiastisk lag som til tider spelar krevjande fotball.

- Førebels handlar det om å bli stabile i denne divisjonen, så kan vi kanskje på sikt sjå eit hakk opp, seier han.

- Fantastisk spelar

- Spelar nummer 27 Amanda Andrea Hannisdal Espetvedt viser i dag kva ho er god for. Amanda har alltid skåra mykje mål og med sin unge alder er ho eit kjempetalent.

- Ho er iskald framfor mål, og har ein stor treningsvilje. Kjem til å sjå mykje til henne i ENK framover. ENK har mange gode spelarar, og vi ser fram til dei kommande sesongane.

Artikkeltags