Stortap for ENK

Artikkelen er over 10 år gammel

Loddefjord vann 1-8.

DEL

ENK tapte heile 1-8 mot serieleiar Loddefjord på graset i Knarvik onsdag kveld.

I ein kamp som før pause var spelemessig nokså jamn, var det gjestane frå bysida som skapte flest sjansar og som også var best framfor mål. Til pause var stillinga 1-3.

Etter kvilen heldt ENK oppe tempoet ei stund, men så byrja skåringane å renna inn. Loddefjord gav seg ikkje før dei hadde skåre fem gonger, utan at heimelaget klarte å kontra i særleg stor grad.

Dermed vart det 1-8-tap, det største nederlaget i det unge laget si historie.

Artikkeltags