– Eg vil rett og slett ha fleire utfordringar på fotballbana. Det er kjekkare med høgt tempo, og det passar meg betre, seier Jill Hermansen til Nh.
Hermansen vann den lokale gullstøvelen på damesida heilt suverent i 2013. Med sine utrulege 51 skåringar var ho heile 21 mål framfor Bente Haveland frå ENK og 24 mål framfor Helene Marøy, også ho frå Hordabø.
Haveland og Marøy delte toppskårartittelen på damesida i 2012, og sjølv om begge skåra veldig mykje meir i fjor enn året før, var dei altså ikkje i nærleiken av suverene Jill Hermansen.
– Høgare nivå
Sjølv gir 18-åringen frå Manger nettopp lagveninna Helene Marøy mykje av æra for at ho skåra så enormt med mål i fjor.
– Eg har eit veldig godt samspel med Helene, og fekk mykje ballar å jobba med i heile fjor, seier Hermansen til Nh.
Men denne sesongen vert det altså ikkje meir av det gode samarbeidet. Fjorårets toppskårar i Nordhordland har nemleg bestemt seg for å prøva lukka på sørsida av brua.
– Eg vil spela på eit høgare nivå. No har eg trena med Sandviken sidan tidleg i januar, og trivst veldig godt. Eg kjem til å skriva under kontrakten neste veke, fortel ho.
No i første omgang er det Sandviken 2 Hermansen trenar med, men ho har vore i dialog med førstelagsleiinga, og har moglegheita til å trena med førstelaget, også. På sikt er dette planen, men akkurat no har det ikkje førsteprioritet.
Skule og fotball
– Eg har skule å fokusera på også, så i år er 2. divisjon heilt perfekt. Men på sikt vil eg spela på så høgt nivå som eg kan, seier ho til Nh.
Og dersom førstelaget til Sandviken, som har klare målsetjingar om opprykk til Toppserien igjen etter fjorårets degradering, skulle ønska ho i stallen, så reknar ho med at freistinga vil verta for stor.
– Men det er ikkje det er satsar på i år altså, seier ho.
Hermansen går tredje året på TAF/TIP på Austrheim VGS, og det går mykje tid med til skulearbeid. TAF/TIP-elevar har også eit par av skuledagane ute i ulike bedrifter. Sjølv er Hermansen i arbeid hjå Statoil Mongstad kvar torsdag og fredag, og det er også her ho har lyst å jobba når ho er ferdig med skulegangen.
– Vert det tid til noko anna enn skule og trening, då?
– Eigentleg ikkje, men det går bra. Det er trening som er den store interessa mi, seier ho.
Sesongoppkøyring
Storskåraren frå Manger er fødd inn i ein skikkeleg fotballfamilie. Både pappa Johnny og fire søsken delar interessa hennar. Det var også opphavet sine oppmodingar som gjorde at ho no vågar seg ut i fotballverda.
– Eg har alltid spelt med dei som er to år eldre enn meg, og eg spelte seniorfotball i Radøy/Manger som jentespelar. Året i Hordabø var veldig kjekt, men det er stor skilnad på dei beste og dei dårlegaste laga i 4. divisjon. Og det er veldig stor skilnad på 4. divisjon og 2. divisjon. Eg ville prøva meg høgare oppe, og pappa har støtta meg veldig i den avgjerda, seier ho.
Dei første månadane med Sandviken er ho godt fornøgd med.
– Det er mest kondisjonstrening no i sesongoppkøyringa, men det går bra. Eg føler eg held nivået, fortel ho.
For tida er det fire fellesøkter i veka. Det vert mykje pendling mellom Manger, Austrheim, Monstad og Sandviken, men med både sertifikat og bil går det heilt knirkefritt.
– Iskald i boksen
Jill Hermansen imponerte unekteleg stort i sin første sesong i Hordabø, og 51 skåringar står det respekt av, uansett kva divisjon ein spelar i.
– Så kva er så hemmelegheita bak 51 skåringar på ein sesong?
– Det er ikkje så lett å seia, men det ligg mykje trening bak. Eg har alltid trena mykje åleine utanom fellestreningane, og då vert det jo til å skyta på mål. Mykje avslutningstrening ligg i botn, men eg har også spelt med gode spelarar rundt meg i Hordabø, seier Hermansen til Nh.
Hordabø-trenar Frode Myking forklarer bakgrunnen for alle måla til Hermansen med eit veldig godt fotballhovud.
– Jill er iskald i boksen, og plasserer ballen i mål der andre skal skyta hol i nettet. Det er heilt spesielt for ein så ung spelar, har han tidlegare sagt til Nh.
Hovudpersonen sjølv kan seia seg litt samd i det.
– Eg prøver å ta det roleg framfor mål. Det fungerer vanlegvis best, smiler 18-åringen, som elles har fart og teknikk som sine sterkaste sider på bana.
Rasdal tar livet med ro
Fjorårets toppskårar på herresida vart nok ein gong Stian Rasdal frå Masfjord. Til trass for at han berre spelte halvparten av kampane for klubben i fjor, enda han på respektable 17 nettkjenningar. Dette er tre meir enn lagkamerat Daniel Asheim, Are Førde frå Austrheim og Otto André Nordby frå Fedje. I? motsetning til Hermansen har ikkje Rasdal nokon planar om å satsa.
– Nei, eg har det godt der eg er. Men eg har tenkt å spela fleire kampar denne sesongen, og målet er å skåra meir enn Vegard Sognefest i Gulen, seier Rasdal.
Masfjord rykka opp til 6. divisjon i fjor, og møter dermed Gulen til lokalderby to gonger i 2014, utanom eventuelle treningskampar. Dette vert årets viktigaste kampar.
– Gulen må vi slå for alt i verda. Ambisjonar utover det har vi neppe, men vi er eit bra 6. divisjonslag, som kjem til å vinna ein del kampar, seier storskårar Rasdal til Nh.
Fullstendig måloversikt sesongen 2013:
51 mål:
Jill Hermansen, Hordabø damer
30 mål:
Bente Haveland, ENK
27 mål:
Helene Marøy, Hordabø damer
18 mål:
Laila Sjøvoll, ENK
17 mål:
Stian Rasdal, Masfjord
14 mål:
Daniel Asheim, Masfjord
Are Førde, Austrheim
Otto André Nordby, Fedje
13 mål:
Aleksander Vågenes, NBK
12 mål:
Sonja Haugen, Hordabø damer
11 mål:
Even Jarle Haugland, Austrheim
Ørjan Langhelle, Masfjord
10 mål:
Linda Helgesen, ENK
Vegard Sognefest, Gulen
Trond Egil Soltvedt, Kvernbit
Ruben Haugen, Nordre Holsnøy
Jon Helge Eikeland, Nordre Holsnøy
9 mål:
Truls Marøy, Hordabø
Mathias Soltvedt, Kvernbit
Øystein Fosse, Nordre Holsnøy
Joachim Hopsdal, NBK
8 mål:
Anna Osland Øvretveit, ENK
Anette Hovland, ENK
Thomas Stall, Fedje/Lindås
Ronny Thomassen, Hordabø
Stian Fløysand, Lindås
Kristian Andås, NBK
7 mål:
Torstein Sylta, Hordabø
Aleksander Hindenes, NBK
6 mål:
Lars Kristian Elnes, Gulen
Arild Haugsvær, Masfjord
Alexander Sellevold, NBK
5 mål:
Kjetil Bjørsvik, Austrheim
Christian Talberg, Austrheim
Renate Haukås Vabø, ENK
Caroline Bergås Morken, ENK
Stian Daae, Gulen
Mads Sleire, Gulen
Daniel Tveit, Gulen
Per Kristian Villanger, Hordabø
Jørgen Magnor-Jensen, NBK
David Olsen Flatøy, NBK
Sindre Marøy, Radøy/Manger/Hordabø
4 mål:
Terje Håland, Austrheim
Bjarte Villanger, Fedje
Ronny Espenes, Hordabø
Fredrik Hansen, Lindås
Yngve Njøten, NBK/Radøy/Manger
Chris Fosse, NBK
Tommy Litleskare, NBK
Magnus Tande, NBK
3 mål:
Helene Hammer, ENK
Helene Madsen, ENK
Irene Fyllingen, ENK
Thomas Samnøy, Fedje
Helge Stokholm, Fedje
Rune Marøy, Hordabø/Radøy/Manger
Henrik Wiik Berg, Lindås
Christian Frønningen, Nordre Holsnøy
Nikolai Semmingsen Fivelsdal, Radøy/Manger
2 mål:
Jan Terje Brügger, Austrheim
Mamadee Kabba, Austrheim
Lene Kvinge Hjelmtveit, ENK
Rebekka Birkeland, ENK
Anne Cecilie Hopland, ENK
Karoline Rusten, ENK
Monika Borlaug, ENK
Mathias Gullaksen, Fedje
Jon Harald Leknes, Fedje
Nicholay Andersen, Gulen
Jan Ivar Håland, Gulen
Mats Stendal, Gulen
Magne Taule, Hordabø
Tonje Helén Myking, Hordabø damer
Rikke Hermansen, Hordabø damer
Øystein Hesjedal, Kvernbit
Tony Oteiza, Kvernbit
Henning Neverdal, Kvernbit
Marius Rasch, Lindås
John Luiz Lauvås, Lindås
Kim Johannessen, Lindås
Tore Daae, Masfjord
Åsmund Kvinge, Masfjord
Egil Svindal, NBK
Eivind Aase Rud, NBK
Anders Glesnes, NBK
Malik Jallo, NBK
Sindre Skår, NBK
Erlend Kleivdal, NBK
Benjamin Engebretsen, NBK
Kjetil Hjelmtveit, NBK
Simen Dalland, NBK
Mario Bertheussen, Nordre Holsnøy
Mads Takvam, Nordre Holsnøy
1 mål:
Karl Ludvig Daae, Austrheim
Sander Veland Erichsen, Austrheim
Sondre Hop, Austrheim
Espen Dahle, Austrheim
Didrik Talberg, Austrheim
Rakel Fanebust, Austrheim damer
Marlene Friborg, Austrheim damer
Camilla S. Haugland, Austrheim damer
Charlotte Haga, ENK
Solvor O. Øvretveit, ENK
Amalie Bratten Furelid, ENK
Susanne Njøtøy, ENK
Annelise Danielsen, ENK
Aslaug Hetlebakke, ENK
Essien Etokebe, Fedje
Øystein Aadland Olsnes, Fedje
Andreas Solbakk Stormark, Fedje
Mads Nordby, Fedje
Jørgen Wengaard, Gulen
Sondre Midtun, Gulen
Are Nyhammer, Gulen
Marius Haugsdal, Gulen
Hans Martin Martinussen, Gulen
Tarjei Eide, Gulen
Jack Halland, Gulen
Anders Dyregrov, Gulen
Christoffer Knudsen, Hordabø
Alf Haugland, Hordabø
Kenneth Husebø, Hordabø
Anders Mjøs, Hordabø
Sindre Erstad, Hordabø
Chris Lunde, Hordabø
Morten Sundsøy, Hordabø
Kristin Marøy, Hordabø damer
Tanita Marøy, Hordabø damer
Sylvia Haugen, Hordabø damer
Randi Ulvøy Kalgraf, Hordabø-damer
Thea Christianslund, Hordabø-damer
Amalie Marøy, Hordabø damer
Maya Vabø Mongstad, Hordabø damer
Maria Sekkingstad, Hordabø damer
Omar Omar, Kvernbit
Andreas Skurtveit, Kvernbit
Stian Smelvær, Kvernbit
Rudi Nilsen, Kvernbit
Dani Nilsen, Kvernbit
Tony Nilsen, Kvernbit
Sebastian Tangen, Kvernbit
Eirik Sagstad, Kvernbit
Dan Ruben Aadland, Kvernbit
Sebastian Tangen, Kvernbit
Cato Nilsen, Kvernbit
Ruben Vedå, Kvernbit
Ronny Jenssen, Kvernbit
Kjell Øyvind Nævdal, Lindås
Joachim Skårnes, Lindås
Remy Skårnes, Lindås
Vidar Tistel, Masfjord
Andreas Snekkevik, NBK
Svein Nytun, NBK
Odin Remme, NBK
Martin Bekker, NBK
Tarald Fidjeland, NBK
Magnus Sundsøy, NBK
Vegard Kleivdal, NBK
Jan-Erik Eide, NBK
Erlend Andås, NBK
Aleksander Skomsøy, NBK
Tor André Nesse, NBK
Pål Skare, NBK
Thomas Fossen, Nordre Holsnøy
Kim André Stokke, Nordre Holsnøy
Arild Vikebø, Nordre Holsnøy
Anders Olav Dale, Nordre Holsnøy
Raymond Kviste, Radøy/Manger
Lars-Erik Ervik, Radøy/Manger
Tormod Ulvatn, Radøy/Manger
Anders Dragøy, Radøy/Manger
Ricky Vetaas, Radøy/Manger
I tillegg er det skåra tre sjølvmål lokale lag har drege fordel av.