Storsiger til ENK

STORSIGER: Caroline Morken og resten av ENK vann ein overbevisande siger mot Djerv lørdag ettermiddag.

STORSIGER: Caroline Morken og resten av ENK vann ein overbevisande siger mot Djerv lørdag ettermiddag.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Fin sesongstart for samarbeidslaget.

DEL

ENK-damene kom seint i gang, men knuste etter kvart Djerv i årets første kamp.

Det vart ein nokså tam start på kampen for det unge ENK-laget, og usikre pasningar, feile val og elles lite lyst til å halde ballen i laget prega heimelaget. Difor var det Djerv-damene som var først frampå og fekk det første målet.

Dette resultatet stod seg ut heile førsteomgang. Sjølv om ENK ved nokre høve var farleg frampå, gjekk dei til pause med eit baklengs og ingen skåra mål.

Det kunne verka som om jentene frå Eikanger, NBK og Kvernbit hadde premierenervar i sin debut i 3.divisjon.

Magi

Til tross for ein førsteomgang som hadde fortona seg mildt sagt kjeisam, var det heilt andre takter i 2.omgang. Allereie dei første minuttane var heimelaget frampå og skaut ballen i stolpen to gongar, begge forsøka signert lynraske Linda Helgesen.

Det kunne sjå ut som om heimelaget hadde roa nervane og senka skuldrene i andre omgang. Det var i alle høve nesten eit heilt anna ENK-lag som entra bana.

Berre minuttar seinare stod det 1-1. Etter mykje klums i Djerv-forsvaret ordna Caroline Morken vertane sitt første mål. Snaue tre minuttar seinare var det Linda Helgesen som reiv seg laus på høgrekanten og slo ballen inn framfor mål.

Helene Daae plasserar ballen kontant i kassen, og heimelaget har gått opp i leiinga. Snuoperasjonen til heimelaget heldt fram og dei gjer seg ikkje før det står heile 6-2 i protokollen.

ENK tok kontroll i kampen og gav ikkje Djerv sjansen til å koma tilbake, med unntak av det eine målet bortelaget fekk i 2.omgang.

Vart stressa

- Det var eit god lag vi spelte mot, men vi var betre, fortel ein smilande Enk-trenar Marius Silseth etter kampslutt.

Trenaren var naturlegvis veldig nøgd med den store sigeren, og forklara den dårlege førsteomgangen med at jentene vart stressa.

- Det var vel nervar eller manglande tru på eigne ferdigheiter som gjorde at vi fekk ei rekkje feilpasningar og at det var stor utryggleik i samspelet, forklarar han.

Men i 2.omgang var det 20 minuttar med magi som utgjorde forskjellen på heimelaget og bortelaget.

- Neste gong må vi nok roa oss ned frå start av, og ikkje ha høge skuldrer. For eg fortalde det til jentene i pausen, og ein kan jo berre sjå kva resultat det fekk, smilar ENK-trenaren, som neste helg skal følgje laget sitt til kamp mot Askøy, på bortebane.

Les alt om lokalfotballen her

Artikkeltags