Sterke bortesiger av ENK

Artikkelen er over 9 år gammel

Slo Djerv.

DEL

I ein av sesongens aller vanskelegaste bortekampar, kjempa ENK seg til tre poeng.

- Dette var ikkje ein kamp vi hadde forventa å ta alle poenga, og det er nok mange lag som kjem til å slita borte mot Djerv i år. Men jentene kjempa hardt og hadde innsatsen i orden. Etter pause fekk vi også fart på angrepsspelet, seier ENK-trenar Marius Silseth til Nh.

Djerv opna best og hadde dei største sjansane, men i det store og heile var ikkje første omgang særleg velspelt frå nokon av laga si side.

Karianne Snekkevik sendte gjestane i føringa seks minutt ut i andre omgang, og kvarteret før slutt sprang 15 år gamle Linda Helgesen frå det som var av motstandarar og dobla leiinga. Resultatet stod seg kampen ut.

- Vi har fått ein flott start på sesongen, men tar ikkje av enno. Prestasjonane vil nok svinga utover i sesongen, seier Silseth.

Artikkeltags