Starta haustsesongen med tap

Artikkelen er over 7 år gammel

ENK rauk mot Odda.

DEL

Odda stod framfor søndagens heimekamp mot ENK med berre to poeng så langt denne sesongen.

No har dei fem.

Det unge ENK-laget makta nemleg ikkje å følgja opp den gode 4-0-kampen frå i vår då dei tok turen til Tyssedal søndag.

- Odda har vorte betre og vi leverer ikkje ein god kamp, oppsummerar ENK sin hjelpetrenar, Øystein Johansen, overfor Nh.

Johansen fortel at første omgang var grei sett med ENK-auge.

- Då vi styrer mykje og skapar eit par store sjansar. Likevel slit vi med den defensive balansen, og det vert mykje unødvendig springing. Andre omgang opnar bra, men så vert fleire og fleire pasningar feiladressert. Odda er betydeleg betre no enn sist, tette i duellane og kompakte som lag. Det var ikkje ufortent at dei vann, seier han.

I neste serierunde er serieleiar Sotra motstandar i Knarvik.

- Det passar bra. Dette er ein kamp vi ikkje reknar med poeng i, og då kan vi senka skuldra litt. Vi veit at vi har nivået inn, men det nyttar ikkje når vi berre går på 80 prosent, seier han.

Artikkeltags