Sigeren glapp på målstreken

BERRE NESTEN: Karianne Snekkevik og resten av ENK-damene leia 3-2 til det var to minutt att i lørdagens seriedebut mot Flaktveit.

BERRE NESTEN: Karianne Snekkevik og resten av ENK-damene leia 3-2 til det var to minutt att i lørdagens seriedebut mot Flaktveit.

Artikkelen er over 10 år gammel

Samarbeidslaget Eikanger/NBK/Kvernbit hadde Flaktveit i kneståande til to minuttar stod att av serieopninga på Fossemyra lørdag.

DEL

4. divisjon kvinner, avdeling 2: ENK – Flaktveit 3-3

Mål ENK: Marianne Soltveit, Helene Hammer, Egzona Halali

ENK: Susanne Borlaug, Marianne Soltveit, Helene Hammer, Egzona Halali, Agnete Børnes, Andrea Horgen, Heidi Ingebrigtsen, Ida Tangedal, Ingvild Smelvær, Karianne Snekkevik, Lene Tvedt, Mariell Moldekleiv, Marte Hatlevik, Sigrid Johansen, Silje Paulsen, Solvor Øvretveit.

- Der og då var det bittert at vi ikkje tok alle tre poenga, men no når vi har fått det litt på avstand, er eit poeng i serieopninga greitt. Særleg når vi ser kor mykje vi har å gå på, seier ENK-trenar, Marius Silseth til nh.

For det var småting og marginar som vart utslagsgjevande for det rykande ferske damelaget, som debuterer i seriesystemet denne sesongen. Motstandar Flaktveit, som kom på andreplass i serien i fjor, hadde fysikken på si side, men spelmessig var det ENK som kjørte.

- Vi hadde litt høge skuldrer og slo ballen litt for enkelt frå oss. Dette utnytta Flaktveit, og dei var eigentleg med på notane på grunn av våre feil, seier Silseth.

- Litt nervøse

Gjestane frå Åsane leia både 0-1 og 1-2, men då kreftene tok slutt ein halv time før slutt, var det berre eit lag på bana. ENK gjekk opp i 3-2, og på denne stillinga hadde heimelaget tre stolpeskot. Med andre ord nok av mogelegheiter til å punktera kampen. I staden var det Flaktveit som sette ballen i mål to minutt før full tid, og dermed vart det poengdeling.

Men tiltross for eit soleklart poengrøveri er ikkje Marius Silseth valdsamt skuffa. Han trur laget hans kjem til å bita god frå seg i debutsesongen.

- Jentene var nok litt nervøse framfor kampen, og vi gav oss sjølv eit forventningspress som var høgare enn naudsynt. Dette kjem vi tilbake frå, seier han til nh.

- Fysisk utfordring

Dei unge jentene fekk merka på kroppen at dei no spelar seniorfotball, men dette meiner Silseth er ein heilt naudsynt tilvenningsprosess.

- Det er klart det er ein viss skilnad å gå frå jentefotball til damefotball, og vi får litt juling i denne kampen. Men sånn må det nesten verta. Det er ein faktor vi må ta med i rekninga, seier Silseth, som ikkje trur dette kjem til å hemma laget hans nemneverdig denne sesongen.

- Det er det fysiske som er utfordringa vår. Ingen tvil om det. Men spelemessig er vi mykje betre enn Flaktveit, som altså vart nummer to i fjor, seier han.

Artikkeltags