Sesongdebuterte med tap

Artikkelen er over 7 år gammel

Djerv tukta ENK.

DEL

ENK gjekk på eit 4-2-tap i serieopninga mot Djerv på Møhlenpris i helga.

Etter at den unge debutanten Kathrin Hansen hadde send gjestane frå nordhordland i ei tidleg leiing, viste Djerv seg effektive og skåra tre før pause.

Bente Haveland reduserte for ENK med ein god halvtime igjen på uret, og laget pressa på for ytterlegare ei skåring og balanse i rekneskapen.

I staden var det Djerv som gjekk opp i 4-2 ti minutt før full tid, eit resultat som stod seg kampen ut. Sett under eitt var kampen jamspelt og kunne vippa begge vegar, men heimelaget tok altså siste stikk.

Les meir på www.enkdamer.com

Artikkeltags