Radøy/Manger truleg ferdig i 3. divisjon

UTE AV DANSEN?: Radøy/manger, her representert ved Ricky Vetås, er truleg ferdig i 3. divisjon. (Foto: Endre Hopland)

UTE AV DANSEN?: Radøy/manger, her representert ved Ricky Vetås, er truleg ferdig i 3. divisjon. (Foto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 6 år gammel

Radøy/Manger klarte ikkje å stilla lag til bortekampen mot Årdal no i ettermiddag. Dermed er sesongen truleg over for radværingane. Det heile er faktisk opp til motstandar Årdal. (Oppdatert)

DEL

Nye Årdal stadion skulle eigentleg opnast i dag, men det som skulle vorte ein store folkefest, vart i staden ein avlyst 3. divisjonskamp.

Seint denne veka gav nemleg Radøy/Manger beskjed om at klubben ikkje kunne stilla lag. Dermed vert radværingane truleg nulla ut for resten av sesongen, melder Hordalandsfotball.no

Misnøyen med denne beskjeden er stor i Årdal, som altså hadde planlagt en storstilt opning av klubben sin nye stadion.

- Ein skandale, rett og slett. Radøy/Manger har ingenting i 3.divisjon å gjera. Dei viser ein seriøsitet som høyrer heime på det lågaste nivået i seriesystemet, er den oppgitte meldinga frå trenarteamet til Årdal på klubben sine eigne nettsider.

Radøy/Manger-oppmann Steinar Christensen skjønar at dei er sinte i Årdal, men forsikrar at denne saka kunne vore mykje mindre dramatisk.

- Vi tok kontakt med Årdal allereie mandag, og sa at vi sleit med folk til denne kampen. Vi ønska å flytta kampen til klokka 15.00 lørdag, eller til midtveka. Av dei fekk vi beskjed om at det var uaktuelt, då dei ikkje hadde lys på grasbana si, seier Christensen til Nh.

Då oppmannen konfronterte Årdal-leiinga med at dei jo har ei kunstgrasbane med lys, fekk han ikkje noko fornuftig svar.

- At dei skulle ha baneopning visste vi ingenting om før torsdag kveld. Kunne dei ikkje gitt beskjed om det då vi snakke med dei mandag, då?, undrar Christensen.

Han har sjølv snakka med kretsane i Hordaland og Sogn og Fjordane, og har fått beskjed om at kampen mot Årdal i teorien kan setjast opp igjen på ein vekedag etter at Gudvangentunnelen har opna igjen.

- Men dette er faktisk opp til Årdal. Vi er leie for at det ikkje vart baneopning denne helga, men vi hadde åtte mann tilgjengeleg i dag. Om dei vil spela kampen på ein annan dato stiller vi, om dei ikkje vil er det nok over for i år, seier Christensen.

Han poengterer at det er mange andre lag som har interesse av at Radøy/Manger fullfører sesongen.

- Om vi vert stroke, ryk kampane våre også. Då er det mange lag som mister poeng, seier han.

Voss er utan tvil det laget som vil koma best ut av det dersom Radøy/Manger sine kampar vert nulla frå tabellen. Laget er det einaste i avdelinga som ikkje har poeng mot radværingane.

Vik vil verta veldig skadelidande, då laget har slått Radøy/Manger 0-3 og 7-0 denne sesongen, og treng kvart poeng dei kan få i botnstriden.

Konsekvensen av at Radøy/Manger ikkje stilte lag til lørdagens kamp, vert truleg altså at laget vert kasta ut av 3. divisjon. Dersom Årdal ikkje vil spela kampen på ein annan dato, that is.

Radværingane styrer allereie mot eit sikkert nedrykk, men ligg no altså an til ikkje eingong å få kjempa om fornya kontrakt resten av hausten.

I dei lågare divisjonane får klubbar vanlegvis to sjansar om ein kamp må gå til walkover. Då endar kampen 3-0 til motstandarane, og klubben som ikkje stilte lag får ei bot. Om laget ikkje stiller til tre kampar same sesong, vert det degradering.

I 3. divisjon er reglane ein del strengare. I 2011 stilte ikkje FK Tønsberg til ein kamp i 3. divisjon. Det enda med nedrykk utan nåde.

Artikkeltags