Radøy/Manger sjanselause på Sotra

Artikkelen er over 6 år gammel

Radøy/Manger fekk regelrett juling i helgas bortekamp mot Sotra. Laget står poenglause og mållause etter dei to første serierundane.

DEL

Radværingane fekk ei litt betre opning i årets andre kamp enn i årets første, men etter ni minutt sette likevel Marius Takvam inn 1–0 for Sotra. Halvtimen seinare var han tremålsskårar, medan spissmakker Lasse Landro hadde netta to.

Før dommaren blas for halvtid hadde heimelaget også fått straffespark. Dette redda Ørjan Bongom i Radøy/Manger-buret, men dette var også eit av få lyspunkt for radværingane denne lørdagen. Takvam og Landro hadde nemleg meir på lager, og då sluttsignalet gjekk stod det 9–0 i dommaren si bok.

Takvam hadde skåra fem, Landro tre og innbytar Martin Gudvangen eitt.

Med 0 poeng og 0–12 i målskilnad etter to kampar, har Radøy/Manger fått ein forferdeleg start på årets sesong. Laget har riktig nok mangla sentrale spelarar i begge kampane, men 9–0 er stygt uansett.

Til helga håpar radværingane å ha tilbake fleire sårt sakna spelarar når Bjarg kjem på besøk i Austmarka.

Artikkeltags