Radøy/Manger kasta ut av 3. divisjon

Foto: Arthur Kleiveland
Kretsen har avvist ankane frå Radøy/Manger og Vik. Dermed er sesongen over for radværingane.
- Ja, då er det slutt for i år. Kjedelege greier, seier Radøy/Manger-oppmann Steinar Christensen til Nh, etter at kretsen no i ettermiddag avgjorde at Radøy/Manger vert kasta ut av 3. divisjon.
Les også: Radøy/Manger ankar degradering
Bakgrunnen for utkastinga er at radværingane ikkje klarte å stilla lag til bortekampen mot Årdal førre helg.
- Avgjerda er i grunn som forventa, og det er jo vår feil at det vert som det vert. Men kvar er kretsen med forslag til løysing når Årdal ikkje ein gong er interessert i ein dialog?, undrar Christensen.
Les også: Radøy/Manger truleg ferdig i 3. divisjon
Radøy/Manger skulle eigentleg spela heimekamp mot Sogndal 2 i kveld. Denne går no sjølvsagt ut, og sogningar på veg til Radøy kan snu, og ta ein tidleg kveld.
Les også: Radøy/Manger kasta ut av 3.divisjon
Radøy/Manger har ikkje hatt nokon enkelt sesong, og hadde etter alle solemerke rykka ned uansett. Etter halvspelt sesong vart det klart at det nye trenarteamet gav seg i klubben. Ikkje lenge etter følgjer altså resten av laget etter, om enn berre for sesongen.
Les også: Trenarteamet ferdige i Radøy/Manger
- Det er ikkje nokon kjekk situasjon, men eg trur kjem til å reisa oss igjen, og koma sterkar ut av dette, seier Christensen til Nh.