Radøy/Manger kasta ut av 3.divisjon

UTE AV DANSEN?: Radøy/manger, her representert ved Ricky Vetås, er truleg ferdig i 3. divisjon. (Foto: Endre Hopland)

UTE AV DANSEN?: Radøy/manger, her representert ved Ricky Vetås, er truleg ferdig i 3. divisjon. (Foto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 6 år gammel

Hordaland fotballkrins har bestemt seg. I Sogn og fjordane er det ikkje alle som er nøgde med avgjersla.

DEL

– Det er horribelt, og ikkje til det beste for fotballen. Radøy har stall nok til å fullføra sesongen, men i staden skjer dette. Regelrytteri, seier Vik-trenar Jarle Christensen til Sogn Avis.

Det var på eit møte i Hordaland fotballkrins, måndag ettermiddag det vart bestemt at Radøy/Manger vert kasta ut av divisjonen.

LES OGSÅ: Radøy/Manger truleg ferdig i 3. divisjon

Årsaka er at dei ikkje stilde med lag til kampen mot Årdal i helga.

Hendinga var ny-opning av stadion i bygda og seriekamp i 3.divisjon. Men radværingane klarte ikkje å stilla lag til laurdagens kamp.

– Vi tok kontakt med Årdal allereie mandag, og sa at vi sleit med folk til denne kampen. Vi ønska å flytta kampen til klokka 15.00 lørdag, eller til midtveka. Av dei fekk vi beskjed om at det var uaktuelt, då dei ikkje hadde lys på grasbana si, sa Radøy/Manger-oppmann Steinar Christensen til avisa Nordhordland på laurdag.

Han understreka at dei skjønte frustrasjonen til årdølene, men at saka ikkje trong vera så dramatisk då kampen kunne vorte flytta til ein annan dato. Men det var aldri aktuelt for årdølene som hadde lagt ned mykje arbeid til nyopninga av Jotun stadion.

Trenarteamet til Årdal rasa og over det manglande oppmøtet til nordhordlendingane.

– Ein skandale, rett og slett. Radøy/Manger har ingenting i 3.divisjon å gjera. Dei viser ein seriøsitet som høyrer heime på det lågaste nivået i seriesystemet, sa dei til klubben si nettsida i helga.

Men no er det andre som rasar mot årdølene. Det er Vik som har tilsaman 10-0 mot Radøy/Manger over to kampar, men likevel står i fare for å rykka rett ned ein divisjon. For no har dei ti poeng opp til trygg grunn.

HER KAN DU SJÅ TABELLEN I 3. DIVISJON.

– Viss det stemmer at Årdal FK har ein finger med i spelet i dette er det utruleg lite fair play frå deira side, tordnar Christensen til Sogn Avis.

– Det er horribelt, og ikkje til det beste for fotballen. Radøy har stall nok til å fullføra sesongen, men i staden skjer dette. Regelrytteri, seier Christensen.

Saka vert oppdatert

Artikkeltags