Radøy/Manger ankar degradering

Artikkelen er over 6 år gammel

Håpar å kunne halda fram i 3. divisjon ut sesongen.

DEL

Som Nh har skrive i denne saka Radøy/Manger truleg ferdig i 3. divisjon og seinare i denne saka Radøy/Manger kasta ut av 3.divisjon brenn det eit blått lys for Radøy/Manger si framtid i 3. divisjon.

Laget ligg allereie desidert sist på tabellen, men sidan radværingane ikkje møtte til kamp mot Årdal i helga, seier reglane at det vert degradering med verknad frå neste kamp.

Degraderinga får som tidlegare nemnd store konsekvensar for andre lag i avdelinga, i form av at alle kampane Radøy/Manger har spelt i år vert stroke.

Difor har alle laga i avdelinga moglegheit til å anka avgjerda om å nulla Radøy/Manger.

Dette vert no gjort. Av Radøy/Manger sjølv.

- Vi har bestemt oss for å anka saka, og håpar vi kan setja oss ned og få ein dialog med Årdal om å spela den oppsette kampen frå helga på ny, seier Radøy/Manger-oppmann Steinar Christensen til Nh.

Artikkeltags