Poengdeling for ENK

Artikkelen er over 9 år gammel

1-1 mot tabelljumboen.

DEL

ENK klarte berre poengdeling mot tabelljumbo Rosendal i helgas kamp i Knarvik. Laget kom ikkje særleg godt i gang, og fekk 0-1 imot etter rundt eit kvarter.

Etter dette heva jentene seg, og hadde stort sett trykket i kampen, utan at det vart altfor farleg. 1-1-målet kom likevel til slutt, signert Caroline Morken.

Sjølv om heimelaget pressa på for å sikra alle poenga, stod resultatet 1-1 seg kampen ut. ENK har to kampar igjen denne sesongen, Arna-Bjørnar 2 og Odda.

I utgangspunktet rykkjer berre to lag ned frå avdelinga, men fleire kan følgja etter dersom Hordalandslaga ikkje beheld plassen i 2. divisjon.

Sånn sett bør ENK ha eit poeng til for å vera heilt trygg som lag nummer fire frå botnen.

Les meir på www.enkdamer.com

Artikkeltags