Optimistar trass motgang

TØFF HAUST: Caroline Morken vert ei sentral brikke i det unge ENK-laget denne hausten. ¿ Vi er optimistar, men det vert mange cupfinalar på oss denne sesongen, seier trenar Marius Silseth.

TØFF HAUST: Caroline Morken vert ei sentral brikke i det unge ENK-laget denne hausten. ¿ Vi er optimistar, men det vert mange cupfinalar på oss denne sesongen, seier trenar Marius Silseth.

Artikkelen er over 10 år gammel

ENK klare for haustsesongen.

DEL

ENK sitt unge damelag sleit tungt siste halvdel av vårsesongen, og laget har utfordringar også i haust. Men optimismen rådar likevel.

- Det vert garantert ein tøff haust, men vi er veldig innstilt på å jobba hardt for å unngå å hamna i ein situasjon der vi må sjå nedover på tabellen i staden for oppover, seier samarbeidslaget sin hovudtrenar, Marius Silseth til nh.

ENK ligg på 5. plass på tabellen, etter å ha starta sesongen strålande. Dei siste kampane har derimot ikkje gått så bra, og laget bør i praksis slå alle laga bak seg på tabellen for å vera sikra fornya kontrakt i 3. divisjon. Sidan vårsesongen har avdelinga også krympa ned til ni lag, då Askøy valde å trekka laget sitt.

- Det spelar for så vidt inga rolle, då Askøy hadde tapt alle kampane sine, seier Silseth.

Lada batteria i Sverige

På grunn av usikkerheita rundt kva lag som kjem til å rykka ned frå dei høgare divisjonane, er ENK avhengig av å klara 5. plass på tabellen eller betre.

- Det er faktisk berre 5. plass og oppover som er heilt sikre, men då snakkar vi om det verst tenkelege scenarioet. Alt er avhengig av kva lag som rykkjer ned frå 2. divisjon, seier Silseth, som hadde med seg laget sitt til Gothia-cup i Sverige i sommar.

- Dette var ei turnering eg trur vi hadde godt utbyte av. Både det sportslege og det sosiale var veldig positivt. Det skal vi ta med oss inn i haustsesongen, seier ENK-trenaren til nh

- Fått inn litt rutine

Utfordringane står i kø for ENK framfor hausten. To sentrale spelarar er ute resten av sesongen med kyssesjuke, og 1. oktober reiser midtstopparsjefen Agnete Børnes i militæret.

I tillegg har ENK-kaptein og spydspiss, Ida Tangedal flytta heim igjen til Masfjorden, og får dermed ikkje trena like hyppig som tidlegare.

- Det som er gledeleg er at vi har fått med fem litt eldre damer på treningane. Desse kan bidra med rutine, og vi har eit håp om at dette også kan lokka nokre av dei tidlegare spelarane i midten av 20-åra til å koma på trening igjen, seier Silseth til nh.

- God førsteellevar

ENK spelar haustens første kamp søndag. Kampen går på Møhlenpris og motstandar er Djerv, eit lag ENK allereie har slått ein gong i år.

- Men det er ikkje noko dårleg lag. Etter kampen mot oss fann dei forma, og er berre eitt poeng bak oss på tabellen. Dette vert den første av mange cupfinalar for oss denne hausten, seier ENK-trenaren, som stort sett har fullt mannskap klart til dyst i helga.

- Vi har trena godt i sommar, og stiller nok vel så godt budd som dei andre laga i avdelinga vår, seier han.

Artikkeltags