Nytt ENK-tap

Artikkelen er over 8 år gammel

Follese vann 3-0 heime.

DEL

Etter ei skikkeleg sjokkopning med to-tre svære sjansar imot, skjerpa ENK seg og onsdagens kamp borte mot Follese jamna seg ut.

Det var i følgje laget sine nettsider, www.enkdamer.com, likevel heimelaget som tok leiinga i det 25. minutt, og som auka til 2-0 like før pause.

Sjølv om nordhordlendingane hadde mykje av banespelet, vart det ikkje dei heilt store sjansane av det.

I eit forsøk på å få ei redusering la ENK om til tre forsvarsspelarar, men det vart ikkje noko meir utteljing av det.

I staden var det Follese som kunne legga på til 3-0 ti minutt før full tid, og påføra ENK sesongens femte nederlag.

Artikkeltags