Nytt år i 4. divisjon

Artikkelen er over 10 år gammel

Hordabø-damene må belaga seg på nok ein sesong i 4. divisjon, etter at laget tapte mot Askøy onsdag kveld.

DEL

Kvalifisering til 3. divisjon, damer: Askøy – Hordabø 5-2

Etter ein god kamp med dårleg utteljing og til slutt null poeng heime mot Rosendal førre søndag, måtte Hordabø-damene slå Askøy på bortebane onsdag kveld. Det klarte dei ikkje.

På kunstgraset på Kleppestø var det heimelaget som tok kommandoen, og som til slutt vann kampen med 5-2. Dermed er Hordabø sitt håp om opprykk til 3. divisjon neste år knust.

Kven som rykkjer opp, vert avgjort lørdag. Då møtest nemleg Rosendal og Askøy i Rosendal. Begge lag har tre poeng, men heimelaget har dårlegare målskilnad. Det vil seia at Askøy klarar seg med uavgjort.

For Hordabø sin del har sesongen gått betre enn venta. Før seriespelet tok til trudde trenar Frode Myking på ei plassering blant dei fire beste. Men etter at laget fekk nokre forsterkingar, har dei grønkledde frå Bø vore nærast ustoppelege.

Berre det unge samarbeidslaget ENK stod i vegen for direkte opprykk. No må Hordabø altså belaga seg på eit nytt år i 4. divisjon.

Artikkeltags