Nye trenarar på plass

NY RADØY/MANGER-TRENAR: Magnar Fjeld.

NY RADØY/MANGER-TRENAR: Magnar Fjeld.

Artikkelen er over 8 år gammel

Fjeld og Erstad tar over Radøy/Manger.

DEL

Magnar Fjeld tar over som hovudtrenar for Radøy/Manger. Med seg i trenarteamet får han den tidlegare Tippeligaspelaren Sindre Erstad. Erstad skal også spela for klubben.

Radøy/Manger skiftar ut trenarteamet både på herre- og damesida.

På herrelaget i 4. divisjon tar fjorårets hjelpetrenar, Magnar Fjeld, over hovudtrenaransvaret. Med seg som spelande hjelpetrenar får han ein ”heimvendt son”, Sindre Erstad, med lang fartstid frå klubbar som Sogndal, Løv-Ham, Åsane, Randaberg og Stavanger.

Erstad er i ferd med å etablera seg i heimbygda Manger, og jobbar for det lokale politiet. Midtstopparen vert truleg samlingspunktet i årets Radøy/Manger-mannskap.

- Dette vert eit stort løft for spelargruppa, og ein moglegheit for meir merksemd i pressa for klubben. Vi har vorte samde med Sindre om ei treårskontrakt, der han får moglegheita til å utdanna seg og utvikla seg som trenar samstundes som han spelar for laget, skriv Radøy/Manger FK i ei pressemelding.

Enda på sine eigne

I følgje pressemeldinga vart Radøy/Manger og fjorårets trenar, Stein Paulsen, samde om å finna andre alternativ etter sesongevalueringa.

Klubben har jobba hardt og lenge med å finna ein erstattar for Paulsen, og etter utallege telefonar og mange intervjurundar enda dei altså med folk frå eigne rekkjer, både på herre- og damesida.

- Så langt har vi ikkje fått på plass ny hovudtrenar for kvinnelaget, men Johnny Hermansen har rolla inntil vidare. Johnny skal vera hjelpetrenar for damelaget neste sesong, heiter det.

I fjor var det Petter Kvamme som hadde ansvaret for det nyoppstarta damelaget i 4. Divisjon, men han vert ikkje med vidare.

Damesamarbeid med Austrheim

Både på herre- og damesida er det meste avklart rundt laga. I tillegg til trenarteamet Fjeld og Erstad er det klart at Eivind Tveiten vert lagleiar.

Han får i tillegg med seg Jarle Sylta, Tore Kvalvik og Harald Bjørkelund som støttespelarar, alle kjende namn i Radøy-fotballen.

På damelaget er det klart at Anette Sylta og Mona Kvalvik vert lagleiarar for 2010-sesongen. Det største problemet på dette laget er så langt å få på plass ei solid spelargruppe.

- Det er i dag berre 13 spelarar som har gitt klarsignal om at dei er med 100 prosent neste sesong. Det er mange spelarar som er med 50 prosent og på kjøt og flesk, men dette er ikkje godt nok for ei satsing for 2010-sesongen. Difor er det innleia samtalar med Austrheim om eit eventuelt samarbeid, melder klubben.

Artikkeltags