Ny siger for ENK

SKÅRA FEM: Dei to 14 år gamle, notoriske måljegerane Caroline Morken og Karianne Snekkevik skåra fem av ENK sine sju mål i helga. (Foto: Marius Silseth)

SKÅRA FEM: Dei to 14 år gamle, notoriske måljegerane Caroline Morken og Karianne Snekkevik skåra fem av ENK sine sju mål i helga. (Foto: Marius Silseth)

Artikkelen er over 10 år gammel

ENK kunne ta med seg alle tre poenga heim etter siger 7-2 borte mot Øygard søndag

DEL

4. divisjon kvinner, avdeling 2: Øygard – ENK 2-7 (1-1)

Mål ENK: Caroline Morken (3), Karianne Snekkevik (2), Ida Tangedal, Lene Tvedt.

Etter tre veker utan kamp vart det ein veldig urytmisk førsteomgang. ENK maste mykje og hadde problem med å spela ut motstandaren på ei lita kunstgrasbane på Sotra. Laga gjekk til pause med 1-1 etter at bortelaget først tok leiinga 1-0 ved debutanten, 14 år gamle Caroline Morken.

Øygard opna andre omgang med å gå opp i leiinga 2-1. Heldigvis for ENK utlikna nesten umiddelbart Ida Tangedal, medan Karianne Snekkevik like etter la på til 3-2, og gjestane tok over kampen fullstendig. Når så ein gnistrande god Lene Tvedt forserte frå midten og skrudde ballen i det lengste hjørnet frå 18 meter, losna det heilt for ENK.

De heldt eit mykje høgare tempo, heldt ballen langs bakken og stoppa ikkje før dei hadde laga tre mål til. Ein viktig siger mot eit av botnlaga som nok dei fleste opprykkskonkurrentane vil ta poeng mot.

Målene vart laga av dei to 14-åringane Caroline Morken (3) og Karianne Snekkevik (2), medan ”veteranane” Ida Tangedal og Lene Tvedt putta eit kvar. Dette var første seriekampen til Caroline Morken for damelaget, og ho viste at ho veit kvar målet står også i denne divisjonen.

Artikkeltags