Ny 4-0-siger

Artikkelen er over 7 år gammel

ENK har funne forma.

DEL

Etter fire strake tap slo ENK til med ein solid 4-0-siger over Odda onsdag. Fredag var det Åsane sine nest beste som fekk unngjelda med dei same siffera.

ENK gav alt frå start og Amanda Hannisdal og Linda Helgesen sytte for 2-0-leiing tilpause. Første omgang var svært velspelt, og spelarane flytta seg veldig bra.

Åsane, med fleire frå førstelagstroppen på bana, vart tidvis skikkeleg utspelt av det unge ENK-laget. Også andre omgang stod i ENK sitt teikn, men det fine spelet frå dei første 45 minutta var i stor grad vekke.

Likevel spelte ENK sikkert og hadde god kontroll på det meste som skjedde. Bente Haveland og Malin Juvik Njøtøy sytte for at sluttresultatet vart 4-0, og alle tre poenga vart igjen i Knarvik.

Resultatet inneber også at motstandar Åsane vart forbigått på tabellen.

Artikkeltags