Nordhordlands yngste damelag

SPELESUGEN: Karoline Sandvik var ei av dei som vart eit offer for nye reglar i fjor, og dermed ikkje fekk spela kampar på seniornivå. No er den talentfulle ENK-spelaren klar for å visa kva ho er god for.

SPELESUGEN: Karoline Sandvik var ei av dei som vart eit offer for nye reglar i fjor, og dermed ikkje fekk spela kampar på seniornivå. No er den talentfulle ENK-spelaren klar for å visa kva ho er god for.

Artikkelen er over 7 år gammel

Karoline Sandvik (15) er ei av mange unge fotballtalent i ENK. Ho har trena fast saman med damelaget sidan i fjor, og i år er ho endeleg gamal nok til å spela kampar for klubben sin.

DEL

Karoline byrja å spela fotball allereie som femåring, og alderen har aldri vore ei hindring for ho. Ikkje før i fjor.

- Eg fekk spela fyste seriekamp, men så kom det nye reglar som gjorde at eg ikkje kunne spela meir. Eg var rett og slett for ung, fortel ho.

Den då 14 år gamle Karoline vart naturleg nok skuffa då ho vart fråtatt moglegheita til å spela vidare med damene. Spesielt tungt var det sidan ho allereie hadde fått spelt ein kamp.

Men den treningsvillige Leiknes-jenta hadde ingen planar om å gi seg. Karoline held fram med å trena med damelaget slik som ho var vand til, og no er ventetida endeleg over.

Snittalder på 16

Med ein snittalder på 16 år er 3. divisjonslaget ENK klare for ein ny sesong. Troppen er full av nye og unge spelarar som gler seg til å spela damefotball.

Karoline meiner det er veldig flott at det er så mange unge spelarar, men ho trur den fysiske motstanden kan verta tøff.

- Vi må gi absolutt alt visst vi skal klara å vinna kampane, meiner ho.

15-åringen trivs godt på damelaget, og i påsken var heile gjengen på treningsweekend i Sogndal. Der fekk dei også spelt ein kamp som resulterte i siger til Karoline og co. ENK vann til slutt heile 7-1, og kunne vel fortent reisa heim med eit smil om munnen.

Mykje trening

Det meste av fritida til Karoline går med på fotballbana.

– Det vert mykje fotball. Resten av tida går til lekser. Damelaget har hatt både morgontreningar og ettermiddagstreningar i år. Morgontreningane har vi slutta med no etter påske, men vi trenar felles tre gongar i veka. Vi har også hatt eit opplegg med treningar i helgene, fortel Karoline.

I tillegg til alle fotballtreningane trenar Karoline også litt styrke på eiga hand når ho har tid. Med fleire sigrar i ryggen, og mykje hard trening, har Karoline trua på at det unge laget ho spelar på kan gjera ein bra sesong.

- Eg trur det kjem til å bli eit kjekt, men tøft år. Det er mykje nytt for mange, og eg gledar meg, seier ho til Nh.

Usikker på framtida

Kva tenkjer du om framtida på fotballbana?

– Det er vanskeleg å seia. Eg har fyst og fremst lyst å spela nokre sesongar på damelaget og skaffa meg ein fast plass der. Kva som skjer vidare får vi berre venta å sjå, seier ho.

Karoline vert noko usikker når ho får spørsmål om forbilda hennar.

Med eit smil fortel ho at ho eigentleg ikkje har nokon spesielle forbilde. Men på spørsmål om kva lag ho heiar på, er svaret krystallklart: Manchester United!

Artikkeltags