NBK vart hardt straffa for personlege feil

Artikkelen er over 6 år gammel

Alt låg til rette for sesongens første siger for NBK, men personlege smågut-feil sytte for at Sandviken fekk med seg eitt poeng heim til Bergen mandag kveld.

DEL

– Dette var frykteleg skuffande. Vi ryk på eit par konsentrasjonsdrypp, og det er veldig unødvendig når vi eigentleg har full kontroll, seier NBK-trenar Erlend Andås til Nh.

Kampen i Knarvik mandag kveld var nærast som ein parodi å rekna frå starten av, og det var utelukkande vêret sin feil. Det blas stiv kuling frå sør, noko som ikkje gagna verken NBK?eller motstandar Sandviken, men som sytte for at alle pasningar med luft under seg hamna retning Lonena.

At det i tillegg regna gamle trollkjerringar gjorde ikkje saka noko betre. Det var i det heile tatt nokså utriveleg å vera utandørs, sjølv med gode regnklede. Å vera ein av dei som sprang rundt ute på kunstgraset såg alt anna enn freistande ut.

Vågenes snudde

Det var Sandviken som kom best i gang, og 0–1 låg i nettmaskene bak Steffen Dalland etter berre nokre få minutt. Tolv minutt ut i kampen var det duka for 1-1, i det ein Sandviken-spelar laga frispark like utanfor sekstenmeteren, og pådrog seg raudt kort i same situasjon.

Frisparket sette Aleksander Vågenes hardt i mål, og laga var like langt.

Under dei rådande vêrforholda hadde NBK no ein klar fordel av å vera ti mann mot elleve, og laget spelte også bra fotball ut omgangen. Ti minutt før dommaren blas for halvtid sette også Vågenes inn 2–1 med ein freidig lobb frå langt hald. Resultatet stod seg til pause.

Ti fatale minutt

Etter kvilen kom NBK brukbart i gang, og Vågenes sette også sitt tredje for dagen. Men så byrja det å butta imot, og Sandviken vart invitert inn i kampen igjen. Denne invitasjonen tok kvittrøyene godt vare på, og leiinga vart henta inn igjen.

Kampen enda til slutt 4-4, etter at Vågenes hadde skåra sitt fjerde for dagen, eit resultat trenar Andås ikkje er spesielt fornøgd med.

– Sandviken er eit bra lag, men når vi leiar 3–1 med ein mann meir, skal vi ro dette i land. Vi gir vekk enormt enkle mål, på brot som siste- og nest siste mann. Det går ikkje, seier han.

NBK-trenaren synest laget hans sett under eitt spelte ein god kamp, men ein fatal timinuttsperiode øydela mykje.

– Dette er eit poengtap som kjennest frykteleg surt, men vi kan ikkje gjera anna enn å heva oss. Vi har eit ungt mannskap, og slike ting vil skje i løpet av ein sesong, seier han.

Artikkeltags