NBK spelar NM-kvalikk neste sesong

SKÅRA: Alexander Sellvold skåra eit av seks NBK-mål no i ettermiddag

SKÅRA: Alexander Sellvold skåra eit av seks NBK-mål no i ettermiddag Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

NBK slo Nordre Fjell på bortebane i dag, samstundes som Osterøy slo NHH heime. Dermed endar NBK p ein veldig imponerande 3. plass i tabellen, noko som betyr kvalifisering til NM-cupen neste år.

DEL

NBK hadde små problem med å feia Nordre Fjell av deira eiga heimebane tidleg i ettermiddag.

Les også: Vil slå saman NBK og Radøy/Manger

Knarvik-laget gav seg ikkje før dei hadde skåra seks gonger, mot Nordre Fjell sine null. Dermed ville NBK ha sikra 3. plassen i avdelinga dersom Osterøy gjorde jobben heime mot NHH.

Les også: NBK sparte spelarar i storsiger

Og på Osterøy var det hjelp å få for raudtrøyene. Dei gule og grøne sende blårussen frå NHH tilbake til begen med null poeng og 2-4 i i sekken.

- Veldig fornøgd med kampen. Vi leda 3-0 etter 15 minutt, og drap kampen. Vi gjekk rett i strupen på dei, og vann heilt fortent, seier NBK-trenar Erling Ola Fykse til Nh.

Les også: Det vart med opprykksdraumen for Nordre Holsnøy

Andreas Snekkevik, Alexander Sellevold, Chris Fosse, Aleksander Vågenes, Kristian Andås og Jørgen Mangor putta for NBK.

3. plassen gjer at NBK vert eit av laga som får sjansen til å kvalifisera seg til NM-cupen neste år, noko som må kunne kallast svært imponerande med tanke på at laget lår i nedrykkssumpa etter vårsesongen.

Artikkeltags