NBK sparte spelarar i storsiger

GRUNN TIL Å JUBLA: NBK har alt å spela for etter at Nest-Sotra 2 rota vekk ein potensiell matchball mot Løvstakken i går kveld.

GRUNN TIL Å JUBLA: NBK har alt å spela for etter at Nest-Sotra 2 rota vekk ein potensiell matchball mot Løvstakken i går kveld. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

NBK har 3. plassen i avdelinga innan ei teoretisk rekkevidde, etter å ha feia Trio av si eiga heimebane i helga.

DEL

I helga var Trio vertskap for NBK, og det var gjestane frå Knarvik som styrte frå start til mål. Laget vann til slutt 0–7.

– Planen som vi la til kampen fungerte veldig godt. Vi minimerte sjanseskapinga til Trio, og var giftige sjølve. Vi gjekk til pause med leiing 1-0, seier NBK-trenar Erling Ola Fykse til Nh.

Sparte spelarar

– I andre omgang ønska vi å eiga ball meir, og vinna den tilbake kjapt etter balltap. Vi heva presshøgda, og fekk betalt for det. Vi var giftige på overgangar, og vi var betre mot etablert forsvar enn vi har vore i dei to føregåande kampane. Fleire spelarar leverte svært bra, og får betalt gjennom godt spel og skåringar, seier NBK-trenaren, som altså fekk sjå seks skåringar frå sine disiplar etter pause.

LES OGSÅ: Damene skårar mest

– Ein full fortent siger. No rettar vi blikket mot NHH på lørdag. Siger her betyr at vi kan ta 3. plassen i avdelinga, seier Fykse.

TABELL: Her kan du sjå tabellen i 4.divisjon avdeling 1.

Etter helgas kampar ligg NBK på 4. plass på tabellen, seks poeng bak NHH. Det er to kampar igjen av årets sesong, og sjansen for at Knarvik-laget ligg på 3. plass når sesongen er over er difor nokså liten. Men oddsa betrar seg med tanke på at nettopp NHH ventar i neste kamp for raudtrøyene. I siste kamp møter NBK Nordre Fjell, medan studentane frå NHH møter Osterøy.

LES OGSÅ: Tre av dei lokale laga jagar opprykk

Ein 3. plass spelar ingen rolle når det kjem til opprykkskampen, den er allereie avgjort i avdelinga, men etter å ha lagt i nedrykksstriden i heile vår, ville ein 3. plass vore ei bragd frå NBK?si side. Målet om topp fem frå før sesongen lever i alle fall i beste velgåande, sjølv om det er jamt frå 6. til 4. plass.

NBK 2 siktar mot opprykk

Alexander Sellevold (3), Jørgen Magnor-Jensen, David Olsen Flatøy, Odin Remme og Yngve Njøten skåra måla til NBK i helga. Klubben sparte elles ein god del spelarar for å kunne stilla eit solid lag i andrelaget sin heimekamp mot Nymark 2 søndag. Også her vart det 7-0-siger, og NBK 2 ligg dermed godt an til å kunne kapra 2. plassen i avdelinga i siste serierunde. Laget ligg a-poeng med Nordre Fjell 2, men har eit mål dårlegare målskilnad enn fjellingane. Nordre Fjell 2 møter Eidsvåg 2 neste helg, medan NBK 2 møter Djerv 2. Her vert det spenning til døra.

LES OGSÅ: NBK har vunne fem av dei seks siste kampane

NBK 2 sine mål søndag vart skåra av Aleksander Vågenes (2), Joachim Hopsdal (2), Tommy Litleskare, Magnus Kvinge Tande og Morten Storheim.

TABELL: Her kan du sjå tabellen til NBK 2

– Ein bra kamp, der vi er solide i alle lagdelar. Fullt fortent, melder NBK 2-trenar Per-Owe Helle.

LES OGSÅ: Lovar endringar før neste kamp

Artikkeltags