NBK kontra i senk

TAPTE: Kjetil Hjelmtveit sprang og sprang, men fekk ikkje utteljing då NBK tapte 1?4 heime mot botnlaget Norheimsund onsdag.

TAPTE: Kjetil Hjelmtveit sprang og sprang, men fekk ikkje utteljing då NBK tapte 1?4 heime mot botnlaget Norheimsund onsdag.

Artikkelen er over 4 år gammel

NBK hadde sjansen til å innta den viktige andreplassen, som gir kvalifisering til 3. divisjon, men rota det til for seg sjøv då botnlaget Norheimsund kom på besøk onsdag kveld.

DEL

Mykje tyder på at kampen om førsteplassen i 4. divisjon menn, avdeling 2 kjem til å stå mellom NHH og Nest-Sotra 2. Studentane har 44 poeng etter 20 spelte kampar, medan Nest kan oppnår 42 etter like mange kampar dersom dei vinn sine to hengekampar.

Andreplassen, som altså gir kvalifisering til 3. divisjon, er den NBK no må konsentrera seg om. Laget er a-poeng med Nest-Sotra 2, men med ein kamp meir spelt. Det er elles eit poeng opp til Loddefjord, som har ein kamp meir spelt enn NBK og då også to meir enn Nest-Sotra 2.

Les også: Undrenes tid er ikkje forbi på Radøy!

NBK må med andre ord håpa på at NHH ikkje får kamp om førsteplassen heilt inn.

Kanonskåring

Onsdagens heimekamp mot Norheimsund, som kunne vorte ein gamechanger for Knarvik-laget sine opprykksambisjonar, gjekk nemleg ikkje som planlagt.

Med siger over Norheimsund hadde laget nemleg inntatt andreplassen i avdelinga, og dermed også initiativet blant laga bak NHH. Men i ein merkeleg kamp med mykje vêr og etter kvart dårleg lys, gjekk det slett ikkje vegen for Knarvik-laget.

Ting byrja riktig nok bra for NBK, og allereie etter åtte minutt banka Aleksander Vågenes ballen i vinkelen frå 25 meter. Berre eit par minutt seinare sette Jørgen Mangor-Jensen inn 2-0, men domaren annullerte for ein tvilsam offside.

Ropte på hands

Etter dette held NBK trykket oppe, og produserte nokre sjansar. Berre ein god Norheimsund-keeper held gjestane inne i kampen etter skåringa.

Les også: Draumedebut i NBK-trøya

I fotball er det derimot mål som tel, og det er lov å vera effektive. Norheimsund skåra då også på den eine av berre to skikkelege sjansar i første omgang. NBK-spelarane ropte på hands då ei klarering frå keeper vart stoppa på 25 meter, men domaren lystra ikkje. Avslutninga til Stig-Edvin Aksnes var også klinisk, og dermed var det 1–1. Dette stod seg til pause.

Overtidskontringar

Etter kvilen mista NBK litt av initiativet i kampen, og det vart mykje halvvegs. Laget hadde ballen, men klarte ikkje å produsera mykje matnyttig. Når så eit langt frispark frå gjestane gjekk over alt og alle, via ein fot og ein arm hjå NBK sin sisteskanse og vidare i nettet, byrja det å sjå mørkt ut.

Med 20 minutt igjen på uret la NBK om til 3-5-2, og produserte eit par store sjansar, spesielt etter corner. På ny varta Norheimsund sin sisteskanse opp med nokre klasseredningar, og folk byrja å skjøna at dette var ein slik kveld.

Norheimsund varta på si side opp med solid defensivt spel og kontringar av høg klasse. I løpet av tilleggstida skåra Eivind M. Skeie to gonger, den første ei perle av ein lobb etter seks eintouchpasningar. Dermed vart alle poenga med heim til Norheimsund denne kvelden.

Les også: Brann vil starta fotball-akademi i Knarvik

Trøysta for NBK sin del er at Loddefjord kollapsa heime mot Nordre Fjell same kveld, og tapte 2–3 etter å ha leia 2–0. Dermed er kampen om andreplassen i avdelinga framleis nokså open.

Artikkeltags